søndag 21. mars 2010

Vil ha ny gjennomgang


SOGN AVIS – Befolkninga i fylket vårt er best tent med den sjukehusstrukturen me har i dag, med naudsynte tilpassingar.

Det meiner Knut O. Aarethun, leiar i Lærdal Ap og tidlegare økonomisjef ved sjukehuset i Lærdal. Han seier det er all grunn til å sjå på kostnadsbiletet på ny.
– Alle steinar er ikkje snudde når det gjeld kostnadene. Det som er litt av problemet i dag, er modellen med klinikkar på tvers av sjukehusa. Dette hindrar god kostnadskontroll på kvart av sjukehusa.

Eiga grav
Aarethun meiner helseføretaket grev si eiga grav dersom dei går inn for alternativ ein i strategidokumentet.
– Dersom Helse Førde trur dei får lov å driva eit avansert lokalsjukehus i Førde i all framtid, så tek dei veldig feil. Garantien for at me skal kunna behalda Helse Førde, er at det også ligg lokalsjukehus i Lærdal og på Eid.

Aarethun meiner det blir heilt feil å bruka krefter på drøfting av lokalmedisinske sentra.
Sentralsjukehuset må også gjennom ei omstilling. Men det er skilnad på å barbera seg og kutta av seg hovudet. Eg saknar også ein debatt om avstand og kva det har å seia i eit fylke som Sogn og Fjordane. Den debatten er totalt fråverande når det blir snakka om likeverdige tenester.

Møte
Aarethun har kalla inn partilagsleiarar i Ap i regionen til ein diskusjon om strategidokumentet. Førebels har han fått avslag frå Vik og Sogndal, med vising til at partilaga ikkje er høyringsinstans.
– Det er greitt nok. Men då kan me lura på kvifor fylkesårsmøtet i Ap utsette å behandla innsende forslag frå partilaga med vising til det dokumentet som kom frå Helse Førde.

• Les saka i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar