mandag 8. mars 2010

Lustraordførar ba årsmøtet ta bort Lærdal frå teksten


SOGN AVIS Lustraordførar Torodd Urnes prøvde få KrF sitt fylkesårsmøte til å avstå frå ei fråsegn som kritiserer regjeringa for lettvint omgang med sjukehusformuleringane i Soria Moria 2.

Men han kom i mindretal, i selskap med sunnfjordingar som ikkje hadde det travelt med å krølla til Helse Førde-styret si applauderte skisse frå dagen før.

Eit klart fleirtal på fylkesårsmøtet hadde meir lyst til å gje regjeringa juling for løftebrot på sjukehuskartet, det enda då også med klart fleirtal for ei fråsegn med kritisk innhald.

Stryk Lærdal!
Då KrF-årsmøtet på Skei, på tampen av samlinga, skulle røysta over framlegget til fråsegn om sjukehuspolitikken gjekk Torodd Urnes straks på talerstolen.
Det første ærendet hans var å peika på at den utforma teksten ikkje måtte presisera Lærdal som arena for ein framtidas distriktsmedisinsk arena.
– Lærdal er ikkje nemnt, understreka Torodd Urnes, og viste til dokumentet frå Helse Førde-styret, som tek til orde for å erstatta Lærdal med Sogndal.

Dropp fråsegna!
Men Lustraordføraren ville meir, han oppfordra årsmøtet til å droppa heile fråsegna, sidan det, slik han såg det, var uheldig å kritisera den nylanserte sjukehusløysinga.
Uheldig all den tid ein helesministeren hadde vore tydeleg på at endringar må til.
– Ved å senda denne seier me samstundes at helseministeren bør overprøva Helse Førde i denne saka, det resulterer kanskje i tre likestilte sjukehus, og det ynskjer ingen, sa Torodd Urnes, som dagen før hadde rosa Helse Førde-styret for «ryddejobben», eller beint fram: for langt på veg å ha rydda Lærdal bort frå det regionale helsekartet.

Eksperiment
To sunnfjordingar spratt snøgt opp og støtta Torodd Urnes.

Men andre, som Laura Marie Fure og Gunn Helgesen, tett fylgd av gruppeleiar i fylkestinget, Svein Ottar Sandal, ynskte ikkje la den nyskrivne definisjonen av lokalsjukehus passera.
– Eit fleirtal i redaksjonsnemnda skar gjennom og konkluderte med at me ikkje ynskjer vera med på eit eksperiment av det slaget me såg sjøsett i Førde i går, sa Svein Ottar Sandal.

• Les saka i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar