onsdag 29. september 2010

Alle fødande skal til Førde


FJORDABLADET Alle kvinnene i Nordfjord skal i framtida føde på sjukehuset i Førde. I tillegg skal det vere ei eining for svangerskap, barsel og kvinnesjukdommar i Eid og Lærdal som inkluderer ei naudfødestove. Dette er tilrådinga frå ei fagekspertgruppe i Helse Førde.

Faggruppa har vurdert fødestover i Lærdal og Nordfjordeid, men meiner at eit slikt tilbod ikkje er fagleg godt nok. Ved at alle reiser til Førde, vil alle kvinnene i Sogn og Fjordane få eit mest mogeleg einsarta tilbod.

Ekspertgruppa vart bedne om å vurdere tre ulike alternativ, der ingen av dei innebar vidareføring av dagens fødeavdelingar på Nordfjordeid og i Lærdal.

Einingane som er tilrådde oppretta på Nordfjord sjukehus og Lærdal sjukehus skal ha ei vaktordning med jordmødre som tilstadesvakt på lokalsjukehusa, også organisert med bakvakt.

Kvinner med lang veg kan bli lagt inn lokalt i påvente av fødsel og bli flytta tilbake til lokalsjukehusa etter fødsel i Førde. Eininga skal såleis kunne fungere som barselhotell/barselopphald.

Naudfødestovene skal vere eit alternativ som kan nyttast av kvinner med så raskt fødselsforløp at dei ikkje når fram til Førde. Her vil dei få hjelp av jordmor. Ho opplyste også om at det berre var sju transportfødslar i Sogn og Fjordane i 2009.

- Det vil bli eit betre tilbod enn å føde på ein parkeringsplass. På dagtid kan ein vere så heldig at der også er gynekolog på lokalsjukehusa, sa Tove Hovland frå Helse Førde då ho orienterte om saka i Nordfjordrådet i dag.

På lokalsjukehusa kan dei nyfødde mellom anna få teke blodprøver og høyrselstest.

Barnelegar og gynekologar skal ambulere frå Førde, og det vil vere mogeleg for risikosvangerskap å få gå til kontrollar på lokalsjukehusa. Dette vil ifølgje Hovland innebere ei kvalitetsheving for risikogravide, som i dag er hensviste til å reise til Førde.

Det vert også lagt opp til at jordmødrene som blir stasjonerte på Nordfjordeid og i Lærdal periodevis skal jobbe på sjukehuset i Førde.

Ein ser også føre seg at einingane på lokalsjukehusa skal kunne tilby sal av jordmortenester til kommunane.

Styringsgruppa i Helse Førde skal ta stilling til tilrådinga frå fagekspertgruppa 12. oktober

• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar