torsdag 9. september 2010

OPE BREV OM HELSEKØAR I NORGE FRÅ PASIENT I KØ FOR OPERASJON I NORDFJORD


Frå pasient Harald Sjursen, Aurland

Til Helse og Omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen

OPE BREV OM HELSEKØAR I NORGE


Eiga oppleving som ventande pasient
Den 8. des. 2009 søkte fastlegen min om operasjon av mi venstre skulder ved Nordfjord Sjukehus. (Mi høgre skulder vart operert der tidlegare med godt resultat.)
Same dag vart det søkt om MR undersøking ved Unilab i Bergen. Der var eg den 28.des.2009.

I brev frå Nordfjord Sjukehus datert 05.01.10 var eg prioritert å verta operert innan fire månader.
Nytt brev, datert 04.06.10, om at eg framleis står på venteliste grunna kapasitetsproblem. Dette brevet ligg som vedlegg.
Dette er eit standardbrev for ortopedi for Helse Førde. Føl slike brev lover og reglar (forskrifter)?

Tilbodet om udatert utrednig ved poliklinikane i Førde og Lærdal er til lita og kostbar hjelp, då det likevel er den som skal operera meg som må utføra denne. Det er berre spesialistar ved Nordfjord Sjukehus som utfører slike skulderoperasjonar i Sogn og Fjordane.

Søknad om fritt sjukehusval på www.sykehusvalg.net, ville verta ein ny søknad på det uvisse. Dessutan måtte ein slik søknad sendast av fastlegen min, som ikkje fekk kopi av det vedlagde brevet. I samråd med han heldt eg fast på framleis å stå på venteliste ved Nordfjord Sjukehus.

Den 18. aug. 2010 var eg til utredning ved Nordfjurd Sjukehus, men ventar framleis på tid for operasjon.
Haraldsplass i Bergen, med flest slike operasjonar i Norge med Nordfjord eid som god nummer tre, har lange ventelister,
Likevel stengde Helse Førde ei av to operasjonsstover frå 1.sep. 2010 ved Nordfjord Sjukehus, og fjerna alt utstyr der.( Ein får vona at dei lova 60 mill. går til nytt og betre utstyr innafor Helse Førde, og ikkje til kamp for nedlegging av sjukehusa. Helse Førde har Norges eldste sjukehusutstyr.)

Styrevedtaket i Helse Førde om å leggja ned ortopediane i Lærdal og Nordfjordeid, som med full drift er innkoma for Helse Førde, må tolkast som ein protest mot manglande tildeling til drift og vedlikehaldsmedlar. Det burde styret ha gjort for fleire år sidan. Då kunne det mest underfinansierte helseføretaket i Norge hatt ferre problem.

Eg må sei meg einig i med Harry Mowatt,styremedlem i Helse Førde, i at no må politikarane gjera varige vedtak og syta for pengar om lokalsjukehusa ikke skal leggjast ned. Helsekøane vert ikkje mindre av tome løfter og fagre ord. Det er vanskeleg å halda på spesialistar og personal og rekrutera nye til nedleggingstrua sjukehus. Difor hastar de med handling frå dykk, til beste for pasientar og sjukehustilsette.

Sjølv om det er langt mellom Flåm og Nordfjordeid, med 4 timar 45 minutt frå Flåm opp og 6 timar og trettiminutt attende med buss, er eg glad for at det er von om hjelp, når det ikkje er akutt, for verkjande og søvnlause pasientar.

Eg skriv på vegne av alle som står i sjukehusventekøar, og alle dei som aldri kom tidsnok fram til akuttmotak grunna uforsvarlege ambulansetilbod.

Du og regjeringa har enno makta, Gjer noko straks! Og før både me og den Raudgrøne Regjering døyr.

Helsing Harald Sjursen
pasient og Helse- og miljøpolitisk talsmann for Aurland Arbeiderparti

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar