torsdag 30. september 2010

Nordfjord-jordmor: – Vi leikar ikkje sjukehus


FJORDABLADET – Vi må enten ha ei fullverdig fødeavdeling, eller ingenting. Vi leikar ikkje sjukehus, seier overjordmor Linda Grotle Hauge ved Nordfjord sjukehus. Ho har vore med i fagekspertgruppa som no vil sende alle fødande frå Nordfjord til Førde.

Linda Grotle Hauge har heile tida vore klar på at ho ikkje ser på ei jordmorstyrt fødestove som eit aktuelt alternativ dersom fødeavdelinga på Nordfjordeid vert lagt ned.
– For meg er jordmorstyrt fødestove ein modell som passar inn i sentrale strok i nær tilknyting til fødeavdeling/kvinneklinikk.

Faggruppa sitt mandat var å vurdere tre ulike modellar. I alle desse modellvala var fødeavdelinga ved Nordfjord sjukehus nedlagd eller omgjort til jordmorstyrt fødestove. Ein har lagt til grunn nasjonale, regionale og lokale føringar for arbeidet, seier Linda Grotle Hauge.

Overjordmora forstår at somme har problem med å forstå korleis ho kan setje namnet sitt under ein rapport som tilrår at alle fødande frå Nordfjord skal til Førde.

– Ville det ikkje heller vere betre å sende dei til Volda, dersom fødeavdelinga der vert oppretthalden?
– Vi i gruppa har halde oss strengt til det mandatet vi fekk. Der låg det ikkje inne vidareføring av dagens fødeavdeling på Nordfjordeid, og Volda var heller ikkje eit alternativ. Dersom ein ser bort frå føretaksgrensa, ville ei felles fødeavdeling med Volda, vere eit betre alternativ for mange av dei fødande frå Nordfjord, enn å måtte reise heilt til Førde, meiner jordmora.

I dag vert det fødd kring 300 babyar årleg ved Nordfjord sjukehus og 4-500 i Volda. Til samanlikning er det i dag om lag 800 fødslar i Førde. Nordfjord og Søre Sunnmøre ville til saman ha nok fødslar til å kunne forsvare firdelt skift av gynekologar.

Umogeleg å rekruttere
I beskrivinga av fødeavdelinga på Nordfjordeid er det nettopp problem med å skaffe gynekologar som vert sett på som den største utfordringa. Begge dei tilsette overlegane ved Nordfjord sjukehus er over 60 år. Fagekspertgruppa skriv i sin uttale at innanfor fagområdet er det tilnærma umogeleg å rekruttere nye, faste overlegar til dagens vaktordning, som inneber samanhengande vakt i 168 timar. I sjukdomsperiodar er drifta utsett, og ein har i løpet av det siste året hatt fleire periodar med stenging.

På direkte spørsmål til Linda Grotle Hauge om korleis ho ser på mogelegheitene for rekruttering av gynekologar til Nordfjord sjukehus, er svaret vi får:
– Det meste handlar om pengar. Du kan kjøpe det du vil. Men vi kan uansett ikkje sjå vekk frå krava om bemanning som kjem til fødeavdelingane.
–Det skal vere firedelt vakt for gynekologane og det set krav om 4-6 legar. Vidare vert det også stilt krav om at det skal vere to jordmødrer tilstades ved alle fødslar. Dette vil krevje ei auka bemanning, og eg må vere ærleg nok til å seie at våre fødselstal er så små at det ikkje er jobb nok til alle.

Fornuftige løysingar
Linda Grotle Hauge opplever det slik at det er få politikarar som tør å seie det som dei verkeleg meiner. Politikarane er bundne av partia sine synspunkt, i staden for å jobbe for det som er fornuftige løysingar lokalt.
– Eg synest det ville vere ille om dette skulle ende opp med at det korkje er fødeavdeling i Nordfjord eller i Volda. Til saman er det snakk om lag 700 fødande. For nordfjordingane ville det vere betre å få reise til Volda.
– Eg forstår veldig godt frustrasjonen og fortvilinga i Nordfjord. Då strategiprosessen starta, så var det i dokumentet skrive at «kvinnene i Nordfjord og kvinnene sør for Sognefjorden kan velje å føde på sjukehuset i Volda, på Voss sjukehus eller på Haukeland universitetsklinikk.» Det vart også skrive eit eige dokument om samarbeid mellom Helse Sunnmøre og Helse Førde. Ein rekna då med at kvinnene nord for Nordfjorden kunne velje å reise nordover for å føde. Dette alternativet synes no å vere heilt borte, seier Linda Grotle Hauge. Ho stiller spørsmål om ikkje tida no er inne for å vurdere eit samarbeid med sunnmøringane for å få til ei felles fødeavdeling før alt er tapt.

Uttale frå Helse Førde om plan for fødetilbodet skal vidare som innspel til Helse Vest sin regionale plan for svangerskaps-, fødsels- og barselsomsorga.

• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar