torsdag 23. september 2010

NRK-kommentar: Er Øvsthus rett kvinne som pasientombod?


NRK SOGN OG FJORDANE Har Anne Ma Øvsthus nok distanse til leiinga i Helse Førde for å kunne gjere ein god jobb som pasientombod i Sogn og Fjordane?

Kommentar av Rolf Sanne-Gundersen, distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane

Fagleg sett er det ingen tvil om at Anne Ma Øvsthus er kvalifisert til å vikariere i eit år som pasientombod i Sogn og Fjordane. Ho er utdanna sjukepleiar, har jobba i helsevesenet i ei årrekkje og har også vore direktør i Helse Førde i mange år.

Øvsthus er internt i Helse Førde kjent som ein effektiv bulldosar, men slett ikkje like effektiv diplomat. Slik sett har ho også personlege eigenskap for å kunne ivareta behova til pasientane og brukarane av helsetenesta i fylket.

For kort tid
Frå 2003 til 2009 har pasientombodet i fylket hatt 1621 førespurnader. 74 personar meinte i 2009 at dei hadde blitt påført skade som følgje av uheldig behandling ved eit av sjukehusa i Sogn og Fjordane. Førde sentralsjukehus behandlar flest pasientar og får naturleg nok dei fleste klagene.

Anne Ma Øvsthus får no ansvaret for å hjelpe pasientar som meiner seg urettsvis behandla vidare i systemet. Ho skal basere seg på pasientane sine erfaringar. Ho skal lytte.

Mindre enn eit år etter at ho gjekk av som direktør for kirugisk klinikk i Helse Førde skal ho no inn i ein heilt ny rolle, på motsett side av bordet.

Det er for kort tid.

Varm forsvarar av Bolstad
Men dette er ikkje hovudankepunktet mot Øvsthus som pasientombod. Det nye pasientombodet har tidlegare markert seg sterkt som ein ekstremt lojal tilhengar av direktør Jon Bolstad. Vi såg det seinast då Jon Bolstad fekk sterk kritikk for leiarstilen sin frå eigne tilsette og fleire pasientar.

Då gjekk ho på bana som ein varm forsvarar av Bolstad, og ein streng refsar av kritikarane. Kritikarar som uttrykte kjensler, meinte seg dårleg behandla av leiinga.

Frå utsida av Helse Førde, i sin nye jobb i Bergen kommune, feia Øvsthus kritikken av bana, ukritisk og slett ikkje lyttande, slik eit ombod må vere.

Ho raljerte med kritikarane av Bolstad, særleg dei med bustadadresse Nordfjord, og avslutta lesarinnlegget sitt i Firda fredag 5. mars 2010 slik:
«Stå på Jon, det er mange som vil deg vel!» Ho la til at ho beundra Bolstad.

Tette band
Sjølvsagt skal Anne Ma Øvsthus få lov til å motbevise skepsisen. Men mange år i leiinga gjer at Øvsthus har tette band til fleire i toppleiinga i Helse Førde, og då er det all grunn til å vere skeptisk til om ho har den nødvendige avstand til leiinga i Helse Førde som eit pasientombod må ha:

Kan pasientane vere trygge på at dei får den hjelp dei skal ha når dei tek kontakt med det nye pasientombodet?
Vil pasientar uansett kvar dei bur i fylket bli høyrte, eller er det slik som Øvsthus sa til Firda 6. mars: «I våre dagar er det ingen som bur langt frå Førde»?
Ho la ikkje skjul på at ho gjekk av som direktør fordi «bevarte avdelingar» ikkje vart lagde ned, med klar adresse til lokalsjukehusa.

No skal ho som pasientombod ta vare på pasientar som meiner dei er eller blir råka av innsparingar i sjukehusstrukturen i Sogn og Fjordane, og som er kritiske til vedtak som leiinga i Helse Førde med Øvsthus som ein av direktøren tidlegare har gjort.

• Les kommentaren på NRK Sogn og Fjordane ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar