onsdag 29. september 2010

– Eit reint bestillingsverk


FJORDABLADET – Faggruppa si tilråding er eit reint bestillingsverk for å rettferdiggjere reint fagleg dei endringane som dei har tenkt å gjere. Det er Frp-politikar Lars-Svein Drabløs si analyse av det som no skjer i form av planarbeid for framtidig svangerskaps-, fødsels- og barselsomsorg i Helse Førde.

– Dersom dei planlagde endringane vert gjennomført, vil det vere det mest vellukka sentraliseringsprosjektet som nokon gong er gjennomført i Sogn og Fjordane. Og skadeverknadene vil bli store. Helse betyr mykje for folk. Det vil bli vanskeleg å rekruttere unge folk til Nordfjord og Sogn, seier Drabløs. Han peikar på at det er det same som er i ferd med å skje også i resten av landet. Dei store spesialistgruppene er med politikarane si velsigning i ferd med å gjennomføre eit storstilt sentraliseringsprosjekt innan spesialisthelsetenesta.


Sentral standard
Drabløs viser til at samstundes som pengesekken vert krympa ved dei småsjukehusa, gjev statsminister Jens Stoltenberg 700 millionar kroner til Haukeland og omtalar Anne-Grete Strøm-Erichsen som verdens beste helseminister, ein karakteristikk som han tviler på om så mange i Nordfjord og Sogn er samde i.
– Det som kan redde situasjonen for fødeavdeling og akuttberedskap, er om det vert sett ein standard frå sentrale myndigheiter for korleis dette skal vere. Då må Helse Vest og Helse Førde prioritere i forhold til dette. Dersom ministeren forlangar at fødeavdelingane skal oppretthaldast, så må Helse Førde og Helse Vest forhalde seg til det.

Frp-politikaren meiner at det er eit stort paradoks at det vert sagt at faglege krav til fødselsomsorga skal styrkast.
– Strengare kvalitetskrav heng ikkje saman med nedgradering frå fødeavdeling til fødestove. Fødestove er ei politisk kvasiløysing, seier Drabløs.


Skal styrkje Førde
Slik Drabløs har oppfattar saka, har planen ei einaste målsetjing, nemleg å sende dei fødande frå Nordfjord og Sogn inn til Førde for at dei skal kunne oppretthalde statusen som kvinneklinikk.

– Problemet både for Førde og fylket med ein slik politikk, er at folketalet kjem til å gå ned, noko som står i sterk kontrast til den målsetjinga som fylket har om å auke folketalet. Det er tragisk at fylkespolitikarane ikkje klarer å samle seg og innsjå at eit desentralisert føde- og akuttilbod er heilt nødvending for at ein skal kunne ta heile fylket i bruk, seier Drabløs. Han meiner at sentralisering av spesialisthelsetenesta og nedbygging av fylket, er to sider av same sak.

– Det einaste som kan stoppe nedlegginga er massivt politisk press frå partia i Sogn og Fjordane overfor helseministeren. Eg håper at dei partia som vaklar vil innsjå kva som kjem til å skje ved neste val dersom dei ikkje mannar seg opp og seier at nok er nok, seier Lars-Svein Drabløs.

• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar