mandag 29. oktober 2007

Leiar for Sogn Regionråd støttar avgjerda om Florø

Leiar for Sogn Regionråd og Leikangerordførar Olav Lunden (Ap) er sitert i papirutgåva av Firda 30. oktober på at han støttar lina som styret for Helse Førde no har lagt seg på, i forsøket på å rette opp økonomien i føretaket:

– Dette handlar ikkje om nedlegging av Nærsjukehuset, men om ein dyr sengepost som er ei avdeling under Førde sentralsjukehus, og der sjukehuset i Førde i dag har kapasitet til å ta over pasientane. Dette er ei samordning av avdelingar, og eg har forståing for at det må gjerast slike grep for å betre økonomien, seier han i følge Firda.

Lunden meinar at dei statlege bindingane ikkje må vere så fastlåste at dei hindrar Helse Førde i å få sjukehusdrifta i ein pålagd balanse.

Lunden er i selskap m.a. med Førde Arbeidarparti i dette synet. Ja, ja.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar