onsdag 3. oktober 2007

Må aksjonen gje seg før jul?

Aksjonen Forsvar Lærdal sjukehus har kjempa for lokalsjukehuset i snart fem år. Me har arrangert demonstrasjonar, sendt skriv og uttaler, møtt helseministre, stortingspolitikarar og byråkratar, kjefta på Helse Førde og Helse Vest i media, fulgt styremøta frå sidelinja og generelt vore vaktbikkje for lokalsjukehuset til indresogningane. I tillegg har Lærdalsaksjonen hatt ei sentral rolle i det nasjonale nettverket for lokalsjukehusaksjonar.

Det er tydeleg at aksjonen har god oppslutnad i befolkninga. Det går faktisk knapt ei veke utan at aksjonen får ei eller anna form for støtteerklæring eller oppmoding om å halda fram. Og Forsvar Lærdal sjukehus har hatt godt samarbeid med andre forkjemparar for sjukehuset, både pasientorganisasjonar, politikarar og andre engasjerte.

Neste år er Helse Førde pålagt å spara 100 millioner kroner. Det vil vera naivt å tru at ikkje det kjem nye framlegg om reduksjonar også ved Lærdal sjukehus i samband med budsjettet. Så det er nok god bruk for aksjonen vidare.

Men det kostar ein del kroner å drive sjukehusaksjonisme. Sjølve arbeidet er uløna. Men reiser, overnatting, kontorhald og andre direkte utlegg må dekkast - det er ein beinhard realitet me ikkje kjem utanom.

Dei fyrste par åra fekk me mykje støtte frå kommunar og private verksemder, lag og organisasjonar. Det ga grunnlag for at me kunne stå på med aktivitet og reising. No er den økonomiske situasjonen vår dårlegare, og det er lengre mellom innbetalingane.

I juni sendte eg søknad til kommunane Lærdal, Årdal, Aurland, Sogndal, Luster, Leikanger, Balestrand og Vik om økonomisk støtte til aksjonen. Eg ba om at kommunane bidrog med kr. 10 000 kvar. Det er til no berre Lærdal og Årdal som har gjeve støtte.

Om folk vil at aksjonen Forsvar Lærdal sjukehus skal halda fram, må de no støtta oss ikkje berre med ord men også med kroner. Verksemder, lag, organisasjonar og privatpersonar har høve til å bidra til kampen for lokalsjukehuset ved å sikra Forsvar Lærdal sjukehus eit økonomisk grunnlag for vidare drift.

Utan eit økonomisk løft må me faktisk vurdere å gje oss ved årsskiftet. Det er ikkje verdas undergang, men jobben vert sjølvsagt noko enklare for styra i Helse Førde og Helse Vest …

Aksjonen tek mykje tid, og me har diverre ikkje kapasitet til å arrangera lotteri eller senda ut ein masse søknader rundt om for å skaffa oss pengar. Men eg trur at dersom viljen er til stades, så kan alle bidra på grunnlag av denne oppmodinga. Både små og store bidrag er velkomne.

Kontonummeret til Forsvar Lærdal sjukehus er 3730 05 06888.
Adressa til kasseraren er: Forsvar Lærdal sjukehus v/kasserer A.S. Mundal, Ljøsne, 6887 Lærdal

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar