mandag 20. oktober 2008

Gunvald Ludvigsen: - Mowatt bør trekkje seg


FJORDABLADET - Etter mitt syn bør Harry Mowatt trekkje seg frå styrevervet i Helse Førde. Det er ikkje tvil om at Mowatt, med sine utspel om og truslar overfor nordfjordingane, bidreg til at nødvendig dialog i helseføret blir skadelidande.

Dette seier Gunvald Ludvigsen (V) som er medlem av Stortinget sin helse- og omsorgskomité. Bakgrunnen for Ludvigsen sin uttale er oppslaget med Harry Mowatt i avisa Firda sist onsdag, og uttalane hans i telefonstyremøtet i helseføretaket sist torsdag.

Malplassert
- Det er både utruleg og uforståeleg at Harry Mowatt kan tillate seg å sjikanere innbyggarane i ein heil region. Spesielt når ein god dialog er heilt vesentleg for å utvikle eit godt helsetilbod i heile Sogn og Fjordane. Dette er faktisk ei av hovudoppgåvene til styret i helseføretaket, seier Ludvigsen og legg til at han er forundra over at styreleiar Clara Øberg ikkje grip fatt i problema.
– Som styremedlem i Helse Førde er Mowatt malplassert. Ikkje minst gjeld dette i forhold til styret si oppgåve med å kome vidare i arbeidet med å utvikle tenestene til Helse Førde i heile Sogn og Fjordane på ein positiv måte.

Yppar til strid
Ludvigsen meiner også at Mowatt snur ting på hovudet.
- Harry Mowatt har heilt sikkert innsett at lokalsjukehusa og Sentralsjukehuset er gjensidig avhengige av kvarandre. Når situasjonen er slik er det viktig å bygge opp og styrkje både sentralsjukehuset og lokalsjukehusa. Harry Mowatt ser ut til å ha blikket retta berre mot sentralsjukehuset og bidreg med sine utspel berre til meir strid. Styret i helseføretaket har ansvar for å ha pasienten i fokus. Det vert difor heilt feil når han i styremøte kjem med utilslørte trugsmål mot tilsetterepresentant Randi Fagereng når ho gjev uttrykk for at ho er nøgd med at pasienten no kjem i fokus, gjennom ei eiga gransking. Randi Fagereng er ein oppegåande helsearbeidar, som i telefonstyremøtet torsdag peikte på at etikk opp mot pasienten er det som har uroa dei tilsette ved Nordfjord sjukehus. Ludvigsen tykkjer det er dårleg gjort når Mowatt i ein slik situasjon kjem med dårleg skjulte truslar og prøver å irettesette sin styrekollega med at Fagereng måtte vere litt varsam med å bruke argument som kan trekkjast i tvil.
- Etter mitt syn avslører Mowatt fullstendig mangel på kunnskap om kva oppgåva til styret i helseføretaket faktisk er, seier Ludvigsen som sjølv har lang erfaring frå sjukehussektoren.

• Les resten av saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar