lørdag 18. oktober 2008

Lærdøl venta 18 timar på operasjon i Førde


Lite tenkte Jan Christian Jerving på at både kvelden, natta og halve dagen skulle gå før han kom på operasjonsbordet, då han vart frakta til Førde Sentralsjukehus med to brot i ein legg søndag 7. september i år.

– Eg og nokre kameratar var på tur heim etter ein fisketur i Lærdalsfjella då uhellet var ute. Eg sklei og vart liggjande i ei skråning med to brot i leggen, fortel Jan Christian Jerving. Området der ulukka hende var utan mobildekning, men ved hjelp av ein sikringsradio fekk ein av kameratane varsla AMK i Førde via vertskapet på Bjøberg fjellstove på Hemsedalsfjellet.

På akuttmottaket
Ulukka hende like før klokka 17.30, og det tok mindre enn 1,5 timar før ambulansehelikopteret frå Førde var på plass. Klokka 19.10 letta helikopteret, og ein halv time seinare landa dei ved sentralsjukehuset.

– Sidan me så og seia flaug over sjukehuset i Lærdal, spurde eg om ikkje det var mogleg å bli teken inn til behandling der. Men AMK-sentralen fortalde at eg skulle til sentralsjukehuset, seier Jerving.

Vel inne på sentralsjukehuset vart han plassert på akuttmottaket utover kvelden og natta. Før han vart frakta ned på overvakinga for å venta på operasjon klokka 09.15 måndag morgon.

Lite informasjon
– Eg vart liggjande på akuttmottaket utan å få vita noko meir om tidspunkt for operasjon eller noko som helst. Timane gjekk, eg vart henta til røntgen. Så klokka 01.30 natt til måndag vart foten min lagt i gips. Deretter gjekk heile natta og morgonen, før eg litt etter klokka 09 måndag vart flytta til overvakinga på ortopediavdelinga.

Enda gjekk det nesten fem timar før han, like før klokka 14, endeleg vart trilla inn på operasjonssalen. Og han har ikkje noko å utsetja på behandlinga han fekk der, då han omsider kom under kniven. Brotet var ein såkalla spiral fraktur (vridningsbrot), og det brotne beinet vart sett saman att ved hjelp av ei plate og skruvar.

– Men at det skulle gå 18 timar frå eg kom inn på sjukehuset til eg vart operert, kan eg ikkje fatta at skulle vera naudsynt. Dette gjer at eg stiller meg uforståande til at alle akutte inngrep innan ortopedi absolutt skal skje på sentralsjukehuset. Mi erfaring er i alle høve at dette langt frå er til pasientane sitt beste, seier Jerving.
– Og at eg i tillegg ikkje fekk noko som helst slags informasjon undervegs, forsterkar mi mistru til opplegget Helse Førde har gjennomført.

• Les resten av historia i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar