onsdag 22. oktober 2008

Kvinne frå Kaupanger: Låg seks døgn med beinbrot på sentralsjukehuset


SOGN AVIS Eva Ramstad låg med ankelbrot og store smerter i seks døgn på sentralsjukehuset i Førde før ho vart operert.

No undrast ho om sjukehuset har kapasitet til å møta Helse Førde-styret sitt kontroversielle ortopedivedtak. Det går som kjent ut på å ta alle ortopediske akuttpasientar med behov for narkose skal sendast til Førde.

Slik også med kvinna frå Kaupanger, som vart teken til Førde i all hast etter å ha drege på seg eit komplisert brot heime i hagen sin.

Hastepasient?
Ho blei innlagd ved sentralsjukehuset i 14-tida på ein søndag, seks døgn seinare blei ho operert for brotet.

Opphaldet i ei sjukehusseng i Førde blei totalt 14 dagar. Ein månad seinare har Eva Ramstad det bra med ankelen sin, men spør seg sjølv: Var eg ein hastepasient, eller var eg ikkje? Og: Har sentralsjukehuset kapasitet til å handtera meir enn eitt slikt tilfelle om gongen? Om svaret er ja, kvifor blei eg ikkje straks operert?

Snøgt i Lærdal
Eva Ramstad har vore utsett for beinbrot før, ho fekk brot i den venstre ankelen for fire år sidan. Då blei ho send til Lærdal, og operert straks.
– Denne gongen var det nok meir komplisert, men pasientar med beinbrot bør vel takast hand om straks dei kjem inn, så kvifor sende dei meg ikkje vidare, om dei ikkje hadde høve til å operera sjølve?

• Les saka i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta

• Sjå intervju med Eva Ramstad i Vestlandsrevyen som ligg ute på NRK nett-tv ved å klikke her (og så på sendinga for 22. oktober.)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar