tirsdag 11. november 2008

Helse Førde: Dramatiske kuttforslag

FJORDABLADET Helse Førde vurderer å avvikle OVA (overvakingsavdelinga) og på sikt fjerne stillinga som røntgenlege ved Nordfjord sjukehus.

Helse Førde vurderer å legge ned overvakingsavdelinga ved Nordfjord sjukehus. Torsdag var tillitsvalde og verneombod ved medisinsk klinikk på Nordfjordeid innkalla til møte. Der fekk dei opplyst at eitt av innsparingstiltaka som no vert vurderte, er å avvikle drifta av overvakingsavdelingane ved Nordfjord sjukehus og Lærdal sjukehus. Å avvikle OVA ved Nordfjord sjukehus er stipulert å ha eit innsparingspotensiale på kring fem millionar kroner, og vil tilsvare kutt på kring ti stillingar med høgt kvalifisert personale.

Eit anna forslag som vert vurdert, er å sjå på om ein kan gå over til radiografstyrt radiologi ved Nordfjord sjukehus og Lærdal sjukehus. Det vil i praksis seie at ein på sikt kan kome til å ta vekk røntgenlegen.

Det er også framlegg om å auke aktiviteten på diverse tenester, mellom anna å auke aktiviteten på hudpoliklinisk behandling.

Bakgrunnen for framlegga er at medisinsk avdeling manglar 47,6 millionar kroner i 2009- budsjettet. Behovet for 2009 er på 292 millionar, men avdelinga er førespegla å få ei ramme på berre 245 millionar kroner.
Ved medisinsk klinikk har dei vurdert mange tiltak. Det er enno ikkje bestemt kva som blir resultatet, men status no er at både OVA og røntgenlegestillinga er ting som ein vil gå vidare med å få konsekvensutgreidd.

Andre tiltak på medisinsk avdeling i Helse Førde som har vore vurderte, men som ein har valt å ikkje gå vidare med, er mellom anna avvikling av lærings- og meistringssenteret ved sjukehuset i Førde, avvikling av patologiavdelinga i Førde, avvikle sengepostavdeling for store barn i Førde og å utsetje opptrapping av mikrobiologisk laboratorium i Førde.

Klinikkdirektør Arve Varden stadfestar at Helse Førde vurderer å organisere overvaking og oppvaking ved Nordfjord sjukehus på ein annan måte for å spare pengar. Han seier at det som kan bli aktuelt, er at medisinsk avdeling tek seg av sine overvakingspasientar og at ortopedisk avdeling tek seg av oppvakingspasientane. I dag er dette samla.

Helse Førde er også i ferd med å vurdere om ein kan gjere ting annleis på radiologisk avdeling, om ein muligens kan gå mot ei radiografstyrt avdeling. Men Varden understrekar at ikkje noko av dette er bestemt.

- Dersom ein skal gå så langt som å avvikle OVA, så må dette konsekvensutgreiast, seier han.

• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar