onsdag 12. november 2008

Tillitsvald ved medisinsk klinikk i Helse Førde: Helsekutt råkar pasientar


NRK Sogn og Fjordane Tilsette ved medisinsk klinikk er uroa fordi dei ikkje får nok tid til pasientane.

Kutta i Helse Førde har for lengst gått kraftig utover kvaliteten på behandlinga for pasientane. Det meiner tillitsvald ved medisinsk klinikk Ruth Tone Solheim.

Kutt på 47 millionar
Ved medisinsk klinikk har dei i år ei budsjettutfordring som kan verte på så mykje som 47 millionar kroner. Kuttlista som det vert arbeidd med inneheld fleire forslag til nedskjeringar. Alle dei tre sjukehusa kan verte kraftig råka.
- Eg meiner at vi kun driv brannsløkking. Pasientane får ei minimumsbehandling. Tilsette meiner dei ikkje får gjere ein god nok jobb, seier Solheim.
Ho meiner smertegrensa for lengst er nådd.
- Dei tilsette har ikkje nok tid til å trene opp pasientane, så dei får ikkje ei optimal behandling, seier ho.

Forsvarer tilbodet
Klinikkdirektør i Helse Førde Arve Varden meiner pasientane får eit godt nok tilbod.
Han viser til at i periodar er over 90 prosent av dei innlagde pasientane øyeblikkeleg hjelp-pasientar.
- Då er det rimeleg fullt på avdelingande og i nokre periodar vil tilsette føle at dei ikkje får gjeve eit så godt tilbod som dei ynskjer.
- Men i det store og heile meiner eg Helse Førde gjev eit godt tilbod til pasientane, seier Varden.

Lang kuttliste
Ei liste som Fjordabladet har fått tilgang til viser at ein vurderer å fjerne overvakingsavdelingane ved lokalsjukehusa og ta bort røntgenlegane.
Som prioritet nummer to står mellom anna avvikling av patologiavdelinga ved Sentralsjukehuset, avvikling av sengepostavdelinga for store barn, avvikling av lærings og meistringsenteret og å utsetje opptrapping av mikrobiologisk laboratorium.

Før jul vil Helse Førde avgjere korleis det skal kuttast for å nå målet om å komme i balanse. Helse Førde har ei budsjettutfordring på om lag 60 millionar kroner etter at det nyleg vart klart at dei får lov til å gå med 40 millionar i underskot til neste år.

• Les heile saka på NRK Sogn og Fjordane ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar