mandag 24. november 2008

Lærdal: Stor auke i proteseoperasjonar


PORTEN Før året er omme vil dei tre ortopedane ved klinikken i Lærdal ha utført nærare 1300 operasjonar.

800 av desse er større operasjonar på inneliggjande pasientar, i hovudsak knytt til kne- og hofteprotesar, melder Helse Førde. Seksjonsoverlege Truls Jellestad seier dei til no har ein samla auke på 150 operasjonar, og at brorparten av desse gjeld protesar.

Den kraftige auken forklarar han med at dei er blitt meir effektive, og ikkje minst at estlendaren Prit Arro kom til Lærdal for to år sidan. -Arro har no kome skikkeleg i gang, og har etterkvart blitt veldig god på kneproteseinngrep. Han er blitt ein flott ressurs for oss, seier Jellestad.


Auke kvart år
Sidan oppstarten i 2004 har Ortopedisk seksjon i Lærdal auka aktiviteten kvart einaste år, og Jellestad trur ikkje toppen er nådd enno. Seksjonsoverlegen seier dei i dag greier to proteseoperasjonar kvar dag, og at dei gjennom eit forbetringsprogram har tru å at dette kan aukast til tre. Føresetnaden for å få dette til er betre intern logistikk, mellom anna kan tida mellom to operasjonar bli kortare, dernest kan ein kanskje utnytte dagen betre ved å starte tidlegare.

Stor pågang
Pågangen til klinikken i Lærdal er svært stor, dei fleste pasientane kjem frå Hordaland, men det er også mange som kjem frå andre deler av landet. Jellestad trur ikkje dette er på grunn av kort ventetid, for den er ikkje spesielt kort i Lærdal.

-Med ca. 3 mnd. ventetid ligg me vel om lag midt på treet, så me vel å tru at det er kvaliteten som gjer oss attraktive. Og det er viktig, spesielt for eit så lite sjukehus som Lærdal. Det er viktig at me greier å finne vår veg, seier Jellestad til Helse Førde si nettside.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar