onsdag 12. november 2008

- Galskap å leggje ned Tronvik


NRK SOGN OG FJORDANE Alkoholikar hadde ikkje greidd å bli rusfri utan behandling på Tronvik.

Prosjektgruppa som har vurdert Tronvik, rår styret i Helse Førde til å legge ned Tronvik og sentralisere tilbodet til Førde.

27. november skal styret i Helse Førde fatte vedtak om den tradisjonsrike institusjonen på Kyrkjebø i Høyanger skal oppretthaldast.

- Veit ikkje kva dei snakkar om
- Eg vil bruke ordet galskap, for dei burde tenke seg om. Eg trur ikkje det er nokon i styret som har særleg erfaring med dei som verkeleg har rusproblem, meiner tidlegare rusavhengig Asbjørn Jagedal.

Jagedal slutta å drikke for 20 år sidan. Etter det tredje opphaldet på institusjon vart han rusfri.

Utan hjelp med tett oppfølging etterpå, hadde han ikkje klart det. Når han høyrer om debatten kring ei nedlegging av Tronvik, vert han oppskaka.

Helse Vest vil ikkje satse på Tronvik
I 2003 fatta styret i Helse Førde vedtak om ei nedbygging av Tronvik. Samstundes vart det vurdert å etablere ny verksemd innanfor behandling av ruslidingar knytt til Tronvik, men då i samarbeid med Helse Vest.

Men i april i år sa Helse Vest at dei ikkje ville satse på Tronvik. Ei prosjektgruppe som har vurdert om Tronvik bør leggast ned eller ikkje, har konkludert med at sentralisering av tilbodet innan psykiatri og rus er det beste. Og at Tronvik vert ståande tomt.

• Les heile saka hjå NRK Sogn og Fjordane ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar