torsdag 8. oktober 2009

Fødeberedskapen i Lærdal redder liv!


Siden det har vært så mye fokus på fødetilbudet i Lærdal den siste tiden, legger jeg ut en påminning fra ifjor vår om hva lokal beredskap betyr. Denne stod i Sogn Avis ifjor vår, og forteller om ett av to tilfeller som er kjent gjennom media, der beredskapen lokalt (i samme uke) var avgjørende for å redde liv.


SOGN AVIS I løpet av sekund gjekk fødselen frå å vera ganske vanleg og rutinemessig til å bli eit sjeldant og alvorleg tilfelle der det stod om liv. Kasper vart forløyst ved såkalla katastrofesnitt berre tolv minuttar etter at mamma Monica kom til sjukehuset.

Stod om livet
I halv åttetida om morgonen gjekk vatnet, og Monica Øvstetun (23) frå Øvre Årdal gav seg i veg til Lærdal sjukehus saman med sambuar Kjartan Smedegård (29), små to dagar på overtid. På fødestova rakk ikkje jordmor Satu M. Henell ein gong å undersøkja den blivande mora, før utviklinga tok ei drastisk vending.

– Eg skulle ein tur på toalettet, då eg merka at det skjedde eitt eller anna. Eg visste ikkje heilt kva det var, og gjekk for å spørja jordmora, som sin tur reagerte kontant, fortel Monica, som vart lagt på operasjonsbordet i hui og hast og merka lite til dramatikken, medan staben på Lærdal kjempa ein tøff men effektiv kamp mot klokka.

Jordmor Satu, derimot, visste med det same kva som var i ferd med å skje då Monica med eitt stod der med navlestrengen i handa. Ho visste også at det stod om livet.

• Les resten av saken i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskriften

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar