torsdag 29. oktober 2009

Oversjukepleiar gler seg til nye oppgåver


Helse Førde har intervjua oversjukepleiar på medisinsk avdeling og skriv:
Fleire av sjukepleiarane på medisinsk sengepost ser fram til at det nye overvakingsrommet ved Lærdal sjukehus blir teke i bruk.
– Det er veldig mange som gler seg til nye oppgåver, seier oversjukepleiar Gry Katrine Kirkeluten.

Dei fleste tilsette på sengeposten er positive til at overvakinga skal inn under medisin. Dei ser på det som ei utfordring, spesielt det at dei no kan følgje pasienten frå han kjem inn døra og til han skal heim.

God oversikt
Gry Katrine Kirkeluten har eit stort ansvar for å planleggje den nye kvardagen i sengeposten. Styret i Helse Førde har vedteke at OVOP (overvaking og oppvaking) skal splittast, slik at overvakingspasientane blir ein del av sengeposten. Ei slik omlegging gjer at føretaket sparar store vikarkostnadar. Kirkeluten trur også det er ei veldig god fagleg løysing.

– Eg tykkjer det blir eit veldig bra overvakingsrom med god oversikt over pasientane. Det at delar av veggen er spart på tremannsrommet, samstundes som ein får forheng gir ei god skjerming. Rommet er også konstruert slik at andre pasientar blir skjerma for eventuelt bråk.


• Les saka på Helse Førde sine sider ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar