fredag 2. oktober 2009

Sogn Avis: Puslete "sterke" helsekrefter


Leiaren er skriven av redaktør Jan Inge Fardal, Sogn Avis. (Datert 1. oktober 2009.)

Tysdag og i morgontimane i går vart dei som var innom NRK Sogn og Fjordane sine nyheitssendingar tuta øyra fulle om at sokalla «sterke krefter» i Helse Førde sitt styre vil leggja ned den forsterka fødestova i Lærdal. Og ikkje berre det – desse «sterke kreftene» skal ha planar om å fremja dette allereie på desembermøtet i styret for helseføretaket.

Også Vestlandsrevyen spanderte sendetid på at desse «sterke kreftene» skal vera villige til å fjerna siste rest av fødetilbod i Sogn snarast råd. Då kan helseføretaket visstnok spara 12 millionar av rundt 95 millionar kroner som Helse Førde går i underskot med dette året.

Men førebels veit ingen kven desse sokalla sterke kreftene er. Etter oppfølginga på NRK i går er det einaste me veit at det openbert ikkje er nestleiar Jorunn Ringstad. Den tidlegare stortingsrepresentanten frå Senterpartiet opplyste nemleg at det ikkje finst planar i styret om å leggja ned den forsterka fødestova.

Også departementet opplyste i ein e-post til NRK at den forsterka fødestova skal leva i alle fall fram til sommaren. Eller fram til at Helse Vest har laga ein ny plan for det framtidige fødetilbodet.

Kva er det som gjer at NRK gir slike «sterke krefter» full anonymitet? Og kvifor i all verda gidd seriøse representantar for Årdal kommune og aksjonen Forsvar Lærdal sjukehus å kommentera påstandar frå «sterke krefter» i Helse Førde sitt styre, som ikkje torer visa andlet? Merkelappen «sterke krefter» heng ikkje på greip i denne samanheng. Dette er i beste fall feige krefter utan ryggrad til å fronta eit sterkt synspunkt den eller dei sikkert har.

Godt betalte styremedlemmer, som er utnemnde – ikkje folkevalde -– til å sitja i eit styre med ansvaret for kva helsetilbod me skal ha i dette fylket, fortener ikkje å bli anonymiserte når dei kjem og vil planta slike synspunkt i media. Det er ikkje vanskeleg å sjå kvifor dette skjer – dette er eit ledd i ein langvarig kamp for å avvikla lokalsjukehuset i Sogn.

Styremedlemmer i Helse Førde må få lov til å seia og meina kva dei vil – men det er patetisk at slike meiningar, med så dramatiske konsekvensar, ikkje får eit – eller fleire – andlet.

Det einaste desse kreftene oppnår – gjennom statskanalen – er å spreia endå meir uvisse mellom dei tilsette på sjukehuset i Lærdal. Men endå verre er det inntrykket slike utspel gjer på unge kvinner som skal føda her i regionen. Det er også underleg korleis statskanalen støtt og stadig bankar inn kor dyrt det er å oppretthalde fødetilbodet i Lærdal og kor få fødslar det er der – utan å bruka i nærleiken like mykje tid på kvifor fødselstala har gått ned ved sjukehuset sidan fødeavdelinga var omgjort til forsterka fødestove.

• Les leiaren i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar