mandag 26. oktober 2009

– Styrt nedlegging av føden i Lærdal


SOGN AVIS – Det er ikkje sant at sognekvinner ikkje vil føda i Lærdal. Men dei får ikkje lov. Fleire og fleire førdande blir styrde til Førde, seier jordmor og kommunepolitikar i Lærdal, Marianne Øren.

Ho reagerer sterkt på det ho ser på som direkte feilinformasjon frå sentrale personar i Helse Førde når det gjeld fødestova i Lærdal.

– Det blir hevda at drifta av fødestova kostar 12 millionar, noko som sjølvsagt er berre ikkje kan stemme når me er ti årsverk her. Me har heller ingen vikarbyrålegar eller vikarbyråjordmødrer. Me har fem svenske jordmødrer som jobbar her og dei er tilsette i stillingane sine. Dei får eit reisetilskot, men det er slett ikkje uvanleg ved nokon arbeidsplass. Me brukar vikarar av og til ved behov, men dei får den løna som gjeld her på sjukehuset. Me nyttar oss også av eit nettverk av gynekologar og for dei gjeld det same. Dei har eit fast honorar for å koma hit. Dette er legar som me kjenner og som har jobba hos oss i mange år, seier Øren.

Redda liv
Øren strekar også under at fødestova i Lærdal har redda liv ved fleire høve.
– Me ser ofte fødslar som ikkje hadde vore så greie dersom me ikkje hadde hatt sjukehuset så nært. Det er eit faktum at det er for langt å reisa heilt til Førde når situasjonen blir akutt. Og det blir den ofte når det gjeld fødslar.

Øren meiner vegen å gå er å halda på sterke lokalsjukehus, med gode generelle indremedisinarar og kirurgar og eit godt fagpersonell elles.
– Me skal stabilisera og senda vidare og hjelpa folk i akutte situasjonar og yta hjelp ved sjukdomar som rammar mange. Eg seier ikkje at me skal halda på med alt mogleg på eit lokalsjukehus. Det har me aldri sagt og det er ikkje det me vil heller, seier Øren, som meiner at retningslinene for kven som kan føda i Lærdal eller ikkje, er alt for strenge.
– Me har strengare retningsliner her enn dei som er gjeldande innan fødselsomsorga i Noreg. Me har blant anna ein maks alder på førstegongsfødande på 35 år, medan norma er 38. Det er fleire fødestover utan beredskap som ikkje har den grensa me har i Lærdal.

Mistillit
Retningslinene har også ført til mange vanskelege arbeidssituasjonar for dei tilsette ved fødestova.
– Me hadde ei kvinne her nyleg som var frisk og sunn og såg fram til fødselen ved Lærdal sjukehus. Så får me melding om at ho ikkje kan føda i Lærdal fordi ho var for tung då ho vart gravid. Og det er slett ikkje noko kjekt å fortelja folk at dei ikkje kan føda her fordi dei er for tjukke eller for gamle. Jenta var overtydd om at ho var frisk, men me påførte ho eit problem. Ho vart sjølvsagt usikker og lurte på kva gale som kunne skje.

Øren oppfattar situasjonen dei er i som ei mistillit mot jobben dei gjer.

• Les saka i Sogn Avis på nett ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar