fredag 29. januar 2010

Støyva og Dvergsdal held fram i Helse Vest-styret


FJORDABLADET Både Nils P. Støyva og Gerd Dvergsdal held fram i styret i Helse Vest RHF. Dette vart klart etter at Helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichen oppnemnde nytt styre for Helse Vest RHF i dag (onsdag).

Styret er det høgste ansvarsorganet i ein helseregion. Det har ansvar for at helseføretaket gjev gode og likeverdige spesialisthelsetenester til befolkninga i regionen, uavhengig av alder, kjønn, bustad, økonomi og etnisk bakgrunn.

– Dette er en sektor med mange utfordringar. Eg har ei forventing til at styret sin samla kompetanse og breie representasjon gjer det i stand til aktivt å utvikle spesialisthelsetenest i sin region, og samtidig sikrar at dette skjer i tråd med nasjonale føringar, seier helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.

Styret i Helse Vest har ansvar for at dei helsepolitiske måla vert nådde innanfor dei økonomiske rammene som Stortinget har vedtatt, og at ressursane vert brukt mest mulig effektivt.

Styra i de regionale helseføretaka består av både eigaroppnemnde styremedlemmer og styremedlemmer som er valt av dei tilsette. Frå 2006 er det stilt krav om at eit fleirtal av dei eigaroppnemnde styremedlemmene skal vere folkevalde.

Dei eigaroppnemnde styremedlemmene skal ikkje representere geografiske område, parti eller andre interesser. Men det er viktig at styra samla sett har breidde, både geografisk, partipolitisk og når det gjeld alder, og at kravet til kjønnsbalanse er ivareteken. I tillegg har det vore ønskjeleg både å ta omsyn til kontinuitet og fornying. På grunn av dette er dei fleste av dei sittande styremedlemmene oppnemnde på nytt, medan nokre får avløysing av nye medlemmer.

I føretaksmøtet med Helse Vest RHF tok helse- og omsorgsministeren opp krav til drifta i helseregionen. I føretaksmøtet pekte også statsråden på viktigheita av at lover og reglar blir fylgt i forhold til pasientbehandling og registrering av ventetider.

Det nye styret i Helse Vest RHF består av følgjande styremedlemmer:
• Oddvard Nilsen (leiar)
• Aud Berit Alsaker Haynes (ny) (nestleiar)
• Gunnar Berge
• Ohene Aboagye
• Nils Støyva (Ap)
• Gisle Handeland (Ap)
• Gerd Dvergsdal (Sp)
• Torhild S. Nyborg (KrF)
• Gro Skartveit (V)

Tilsetterepresentantar
• Lise Karin Strømme
• Aslaug Husa
• Helge Espelid
• Reidun Johansen

• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar