torsdag 14. januar 2010

Stort engasjement i Nordfjord


FJORDABLADET Vel 120 personar deltok på dei to arbeidsmøta om Helse Førde sin strategi fram mot 2020 som vart halde på Nordfjord sjukehus tysdag ettermiddag og kveld.

På det interne møtet tysdag ettermiddag deltok vel 60 tilsette. På folkemøtet på kvelden var eit tilsvarande tal nordfjordingar møtt fram.
– Samanlikna med frammøtet i Lærdal og Førde så toppar Nordfjord suverent, sa Vidar Vie, viseadministrerande direktør i Hesle Førde.

Trass i manglande annonsering om tid og stad for Helse Førde sitt strategimøte på Nordfjord sjukehus tysdag, fann vel 60 personar vegen til kantina på Nordfjord sjukehus for å delta på møtet. Mange deltakarar gav i starten av møtet uttrykk for at ein så omfattande prosess som det helseføretaket la opp til burde blitt handtert på ein betre måte.

Ein del av deltakarane var også tvilande til om dei synspunkt og prioriteringar som tilsette ved sjukehuset, innbyggarane, tilsette i kommunehelsetenestene og kommunelegane kom med i prosessen ville bli tatt omsyn til i det vidare strategiarbeidet, som styret i Helseføretaket har initiert.

– Den 2. februar i 2006 vart det starta ein strategiprosess om innhaldet i lokalsjukehusa i Helse Førde. På dette møtet, som vart halde i Valhall, kom det fram mange synspunkt om kva innbyggarane i Nordfjord forventa seg av tilbod ved lokalsjukehusa. I strategiprosessen den gong kom det inn ei rekkje innspel frå legar og tilsette ved sjukehuset på Eid. Også etter at strategiprosessen døyde stille og roleg ut, utan at vi såg eit einaste konkret resultat av det arbeidet som vart lagt ned og dei råda som kom inn, har det kome mange synspunkt frå tilsette i helsetenestene i Nordfjord. Dersom de vil vite kva vi meiner om innhald og kva strategi ein bør velje for spesialisthelsetenesta i framtida, så er det berre å gå tilbake å sjå kva som har blitt sagt fram til i dag, sa Svein Hansen som langt på veg meinte at heile den oppstarta prosessen var ein skinnprosess, og at styret allereie har bestemt seg for kva ein skal kutte ved lokalsjukehusa.

– Eg kjem til å delta konstruktivt på møtet her i kveld, men eg sterkt tvilande om kva som kjem ut av heile prosessen, sa Hansen.

Meir frå møtet i avisa torsdag (14.1.2010).

• Les saka på Fjordabladet sine nettsider ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar