mandag 4. januar 2010

Stortingsbenken og sjukehusstriden

Det har vore mykje diskusjon i media om kva stortingsrepresentantane for fylket har gjort i høve til sjukehusstriden i fylket. At dei møtte representantar for "aksjonistane" for dei tre sjukehusa har spesielt vore provoserande for avisa Firda og nokre Ap-politikarar i Sunnfjord.

Stortingspolitikarane har i etterkant òg hatt møte med Helse Førde og Helse Vest. Talsperson for benken, Ingrid Heggø (Ap), har i etterkant av møtet med Helse Vest sendt ut dette referatet til media:

Møte mellom Helse Vest og Stortingsbenken

Stortingsbenken representert ved Ingrid Heggø, Åge Starheim,Knut M Olsen og Bjørn Lødemel hadde møte med styreleiar i Helse Vest og adm.dir i Helse Vest onsdag 16 des.
Leiinga i Helse Vest orienterte om stoda i Helse Vest generelt, og Helse Førde spesielt, ved gjennomgang av dei same dokumenta som ordførarane og fylkesutvalet hadde fått på Leikanger tidlegare i veka.

Spørsmåla som vart reist frå stortingsbenken var bla om konsekvensutgreiing av vedtak og etterkontroll av vedtaka.
Helse Vest stadfesta at dei har saman med Helse Førde lagt eit løp for prosessen framover inklusiv konsekvensutgreiing av vedtak og etterkontroll.

Samhandlingsreforma og konsekvensane for våre sjukehus vart debattert. Samhandlingsreforma er no til handsaming i Stortinget, og konklusjonen frå alle partar var at det er naturlig å avvente denne prosessen før ein går vidare.

Vedrørande fødetilbod, informerte Helse Vest om at dei var i startgropa for å setja ned ei regional gruppe som skulle sjå på dette. Dei ville ha ei grundig konsekvensanalyse på plass før endelige vedtak kunne fattast.

Vi var vidare innom temaet involvering og informasjon til tilsette og at dette har stor betydning både for tillit og for gjennomføring av vedtaka.

Manglande investeringsmidlar uroa Stortingsbenken, og vi fekk forsikringar om at Helse Vest leiinga var opptekne av at naudsynt utstyr måtte på plass ved alle sjukehusa . Det vart likevel poengtert at også ekstra investeringsmidlar til Helse Førde måtte takast frå andre foretak i Helse Vest, inntil underskotet til Helse Førde er retta opp.

Tonen var god og prega av at alle hadde respekt for kvarandre sine rollar samstundes som vi var samde om det overordna målet om at helsetilbodet skulle vera både trygt og godt i heile regionen.
Helse Vest orienterar Helse Førde om innholdet i møtet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar