fredag 25. april 2008

Full beredskap redda liv på fødestova: Dramatisk start for vesle Kasper

SOGN AVIS - ÅRDAL - JOURNALIST HANNE STEDJE:

Takka vera lynrask reaksjon frå personalet ved Lærdal sjukehus, berga Kasper livet med katastrofe-keisarsnitt.

I løpet av sekund gjekk fødselen frå å vera ganske vanleg og rutinemessig til å bli eit sjeldant og alvorleg tilfelle der det stod om liv. Kasper vart forløyst ved såkalla katastrofesnitt berre tolv minuttar etter at mamma Monica kom til sjukehuset.

Stod om livet
I halv åttetida om morgonen gjekk vatnet, og Monica Øvstetun (23) frå Øvre Årdal gav seg i veg til Lærdal sjukehus saman med sambuar Kjartan Smedegård (29), små to dagar på overtid. På fødestova rakk ikkje jordmor Satu M. Henell ein gong å undersøkja den blivande mora, før utviklinga tok ei drastisk vending.

– Eg skulle ein tur på toalettet, då eg merka at det skjedde eitt eller anna. Eg visste ikkje heilt kva det var, og gjekk for å spørja jordmora, som sin tur reagerte kontant, fortel Monica, som vart lagt på operasjonsbordet i hui og hast og merka lite til dramatikken, medan staben på Lærdal kjempa ein tøff men effektiv kamp mot klokka.

Jordmor Satu, derimot, visste med det same kva som var i ferd med å skje då Monica med eitt stod der med navlestrengen i handa. Ho visste også at det stod om livet.

Griseflaks og englevakt
– Navlestrengsframfall er ein særs sjeldan, men særs alvorleg komplikasjon som kan oppstå under ein fødsel. Me er sjølvsagt utdanna i å handtera slike situasjonar, men det er altså så uvanleg at du eigentleg ikkje tenkjer over at det kan skje, seier ho, som ikkje nølte eitt sekund med å tilkalla alt tilgjengeleg personell for å hjelpa til med katastrofe-keisarsnittet som måtte til for å få babyen ut. I ettertid ser både mamma Monica og pappa Kjartan at dei hadde både griseflaks og englevakt.

– Eg tør ikkje tenkja på kva som hadde skjedd om me ikkje alt hadde vore på Lærdal – og at det var innanfor såkalla ordinær opningstid med gynekolog, anestesilege og operasjonspersonale til stades. Hadde dette skjedd om natta, ville me nok ikkje ha hatt han hjå oss i dag, seier Kjartan på telefon frå Verket, og vedgår at det var ei nokså sjokkarta oppleving.

– Eg har ikkje vore med på dette før og visste ikkje heilt kva eg skulle tenkja og tru. Eigentleg var det lite tenking etter at eg høyrde jordmorda byrja å ropa om legar og operasjonssal. Eg var med og trilla Monica inn, men etter det vart eg sendt ut att. Ei av jordmødrene snakka litt med meg om kva som skjedde, men det tok jo berre nokre få minuttar, alt saman, så eg rakk nok ikkje heilt å skjønna alvoret i det før etterpå, seier han.

Raskt og effektivt
Det gjorde derimot overlege og vakthavande gynekolog Christer Borgfeldt, som i løpet av sitt 15 år lange virke som lege berre har sett eitt einskild liknande tilfelle.

– Det er som sagt uhyre sjeldan, og er dessutan noko som godt kan oppstå i samband med tvillingfødslar når tvilling nummer to skal ut, men då er me jo førebudde og kan setja i verk naudsynte tiltak. I dette tilfellet var det annleis, og det er eine og åleine fordi det var både gynekolog, anestesilege og eit heilt operasjonslag var tilgjengelege på dette tidspunktet. Om det hadde gått ti minuttar til, er eg redd utfallet hadde vorte eit heilt anna, seier han, og legg til at det var hektisk inne på operasjonsstova med ni personar i arbeid.

– Legar, jordmødrer, sjukepleiarar og hjelpepleiarar jobba side om side i eit prikkfritt samarbeid. Fagleg sett var det fantastisk å sjå kor effektivt, dette er ein skikkeleg lagsiger og det er ingen tvil om at det redda livet til Kasper, seier han, som legg til at den nyfødde årdølen nok var litt prega av oppstyret då han endeleg såg dagens lys.

God innstilling
– Me kjende heile tida på pulseringa på navlestrengen at han fekk nok blod og oksygen, men det vart svakare og svakare. Då han kom ut, hadde han puls, men pusta ikkje, så han fekk raskt tilført oksygen. Etter berre eit par minuttar henta han seg veldig godt inn att og har sidan vore i veldig bra form, seier doktor Borgfeldt. Med sin godt over 3.600 gram og 52 centimeter må Kasper nok seiast å vera ein liten kraftkar. Det at han alt på eit så tidleg tidspunkt har synt både godt tempo og god fighter-innstilling, meiner pappa er ein stor fordel.

– Eg vil tru det kjem godt med, ja – faktisk kan eg garantera at me vil få sjå det att på midtbana om nokre år, seier den tidlegare ÅFK-kapteinen. Monica er på si side letta over at det er overstått.

Offer for innsparingar
– Det var så supereffektivt alt saman, det gjekk så fort at det først er etterpå du byrjar å tenkja på kva som kunne ha skjedd. Det prøver eg verkeleg å lata vera med, og heller fokusera på at me har han her hjå oss i staden. Men det er klart, det er skremmande å tenkja på at han kunne ha blitt offer for innsparingar i helseføretaka. Eg høyrer dei seier at dette ikkje skjer så ofte, neivel – men det skjedde med oss. Dette viser vel meir enn noko som helst anna kor viktig det er at me har eit trygt og forsvarleg fødetilbod med akuttberedskap i nærleiken, slår ho fast.

• Henta frå Sogn Avis si nettutgåve, klikk på overskrifta for å lese saka der og sjå bilete av mor og barn

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar