onsdag 16. april 2008

Kirurgane går for sentralisering av akuttberedskap og ny sjukehusstruktur

Styret i Norsk Kirurgisk Forening går inn for ei endring i sjukehusstrukturen i Noreg. Hovudinnhaldet i forslaget er å samle akutt kirurgi til færre stadar.

Bakgrunnen til Norsk Kirurgisk Foreining er eit forslag i Omstillingsprogrammet i Helse Sør-Øst. Styret ønskjer at desse prinsippa vert gjort gjeldande for resten av landet.

- Dette betyr ei stor endring i høve til dagens situasjon for mottak av akuttpasientar innanfor kirurgi i Helse Sør-Øst dersom det vert vedteke. Det er truleg at eit slikt vedtak i neste omgang får konsekvensar for sjukehusa i dei andre helseføretaka, seier Fagdirektør Hans-Johan Breidablik i Helse Førde.

Styret i Norsk Kirurgisk Forening føreslår ein struktur med basissjukehus, områdesjukehus og regionsjukehus der basissjukehusa ikkje skal ha kirurgisk beredskap.

• Les heile saka på Helse Førde sine nettsider ved å klikke på overskrifta her

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar