onsdag 4. juni 2008

Ortopedisentralisering i Sogn Avis i dag


Sogn Avis legg diverre ikkje så mykje av stoffet ut på nett, men i dagens papirutgåve handlar både leiaren og to lesarinnlegg om Helse Førde, Harry Mowatt og ortopedisentralisering.

Svein Hansen frå Sjukehusaksjonen i Nordfjord oppmodar alle med interesse for helsetilbodet i Sogn og Fjordane om å stille opp no: "Det er no eller aldri. Vi kan ikkje tillate meir surr frå styret og adm. i Førde. No vil vi ha på plass ein gong for alle korleis helsetilbodet skal vere for dei som høyrer til og vil ha tenestene frå lokalsjukehusa."

Innlegget frå Martha Kjøllesdal, plasstillitsvalt ved Nordfjord sjukehus for Norsk Sykepleierforbund, har overskrifta "Husmenn i eige land". Ho har ei grundig gjennomgang av saka før ho rår styret til å arbeida for å betre rammevilkåra for Helse Førde - eller legge ned styreverva. Kjøllesdal peikar mellom anna på at:
- Nasjonale føringar seier at det skal vere eit likeverdig tilbod for alle innbyggjarar
- sentralisering av akuttberedskap vil få store negative ringverknader for lokalsjukehusa
- sentralsjukehuset i Førde ikkje har kapasitet til å ta unna pasientane frå Nordfjordeid og Lærdal
- arbeidssituasjonen med stadig omstilling og usikkerheit for framtida røyner dei tilsette.
Kjøllesdal peiker til slutt på at Brustad har pengar, og ho trekk fram dømet med finansieringen av sjukehotellet i Helse Øst, ein region som i utgangspunktet får "for mykje".

"Mowatt sine mange hattar" heiter dagens leiar i Sogn Avis. Avisa skriv:
Ein av dei eldste og mest framståande medlemmane i Sogn og Fjordane Arbeiderparti, i alle fall ein av dei med lengst fartstid i fylkespolitikken, Harry Mowatt, har dei siste dagane erta på eg partifellar og andre frå Nordfjord og Indre Sogn. Det er Mowatt sitt utspel om å utgreia ei sentralisering av akuttberedskapen innan ortopedien til sjukehuset i Førde, og leggja ned all akuttberedskap på sjukehusa i Lærdal og på Nordfjordeid, som har fått sjukehusaksjonistar og lokalpolitikarar til å sjå raudt.

Harry Mowatt overtok som mange vil hugsa, styreplassen i Helse Førde då hans gamle partifelle Kjell Opseth trekte seg i fjor haust. Hovudårsaka til at tillitsvalde frå Arbeiderpartiet i Sogn og Nordfjord rasar mot Mowatt no, er sjølvsagt fylkespartiet sitt vedtak i vår om at det skal vera akuttberedskap innan ortopedi ved lokalsjukehusa i fylket.

Det ville vore heilt uforståeleg om ikkje andre i dette partiet reagerte når ein av deira fremste tillitsvalde så kort tid etterpå går ut som styremedlem i Helse Førde med eit framlegg som er stikk i strid med det hans eige parti vedtok for kort tid sidan. Det får vera måte på hugsalause.

Mowatt avviser kritikken og presterte å seia til NRK Sogn og Fjordane i går at hans medlemskap i Arbeiderpartiet ikkje har noko med utnemninga som styremedlem i Helse Førde å gjera. Nei, sjølvsagt var det heilt tilfeldig at Ap-veteranen Kjell Opseth vart erstatta med Ap-veteranen Harry Mowatt. Sjølv om det heilt sikkert kunne vera grunnlag for å stille spørsmål ved kva interesser desse to Ap - veteranane eigentleg har representert og altså representerer i styret for Helse Førde, men ærleg tala, dette er patetisk av Harry Mowatt.

For same kva han seier og meiner om sine mange styrehattar - i denne saka vil og bør veljarane i Sogn og Fjordane merka seg at det er ein Ap-veteran som, mot eige fylkesparti sitt ynskje, syter for at lokalsjukehusa si framtid nok ei gong er sett på spel her i fylket. For det er sjølvsagt konsekvensen dersom Mowatt sitt ynskje om å sentralisera all akuttberedskap innan ortopedi til Førde skulle få gjennomslag.

Med eitt einaste slag vil han då rasera mesteparten, truleg all kompetanse som er bygd opp i Lærdal innanfor ortopedi. Og forsvinn akuttberedskapen på denne avdelinga vil det berre vera starten på slutten for sjukehuset. Det er det Harry Mowatt sine mange partifellar i Indre Sogn og Nordfjord forstår. Spørsmålet er om dei maktar å få Harry Mowatt til på forstå dette. Eller om dei berre må leva med at mannen held fram med hatteleiken sin.

Klikk her for å lesa leiaren på Sogn Avis sine nettsider.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar