lørdag 21. juni 2008

Fryktar konsekvensane av ortopedivedtaket

SOGN AVIS SKRIV: Alle pasientar som treng narkose og operasjon etter brot skal opererast på sentralsjukehuset i Førde, avgjorde styret i Helse Førde i går. Dermed vert drygt 300 pasientar i året flytt frå Lærdal og Nordfjord til Førde.

– Fleire i styret kritiserte at det har vore for dårleg kommunikasjon om kva som vert konsekvensane av dette vedtaket, og det kan nok vera. Men eg trur det ikkje er heilt klart for nokon kva som faktisk vil verta konsekvensane, seier leiar i Forsvar Lærdal sjukehus, Bente Øien Hauge som var til stades under styremøtet.

– For meg er det framleis uklart om eldre med lårhalsbrot som kjem inn på Lærdal må sendast til Førde eller om vakthavande på sjukehuset kan gjera individuelle vurderingar. Konsekvensane for pasientane tykte eg vart lite diskutert. Eg tykte også at det var lite fokus på heilskapen for lokalsjukehusa og faren for ein "dominoeffekt", seier ho.

Bakgrunnen for vedtaket – som fekk to røyster mot frå tilsetterepresentantar som kom med nytt framlegg – er at legar under spesialistutdanning i Førde treng meir volumtrening. Øien Hauge fryktar at vedtaket på sikt kan stilla fødestova i ein svakare posisjon.

– Når operasjonsberedskapen ikkje lenger skal nyttast til anna enn keisarsnittberedskap vert det fødestova som må ta heile kostnaden for anestesien her. På sikt vil det truga heile fødetilbodet i Indre Sogn, for det er uaktuelt å oppretthalda ei fødestove utan tryggleiken ein har i legeberedskapen, seier ho.


• Les denne saka i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta

• Les også om saka på NRK sine sider:
Akuttpasientar skal til Førde
Nordfjordaksjonistar varslag kamp
Nordfjord-ordførar: Eg er utruleg skuffa
Stortingsrepresentant truar med helseministeren

• Les om saka i Firda ved å klikke her

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar