torsdag 26. juni 2008

Kommunelege i Nordfjord: Godtek ikkje årelating


FJORDABLADET: - Det er dette vi kallar kaldkveling eller årelating i forhold til å undergrave verksemda ved Nordfjord sjukehus. Det seier kommunelege Einar Sandven om det omstridde ortopedivedtaket til Helse Førde.

- Vi skrik ulv, ulv denne gongen fordi ein no rører ved noko fundamentalt viktig for Nordfjord sjukehus, seier kommunelege Einar Sandven. Einar Sandven var til stades under ekstramøtet i Nordfjordrådet i dag, der han la fram legane sitt syn på det som no er i ferd med å skje med Nordfjord sjukehus.

I Nordfjord skal ein til med felles legevakt og legane nektar å godta at pasientar skal sendast vidare til Førde, når ein har ein velkvalifisert ortopedisk kirurg 20 meter unna.

- Ein sender ikkje vidare pasientar når ein har overleger ved Nordfjord sjukehus som har vore overlegar ved traumekirurgisk avdeling på Haukeland for at dei skal bli operert av ein assistentlege i Førde, som kanskje er blautdelskirurg.

- Det er rett og slett uetisk. Det er heilt uakseptabelt for oss som kommunelegar å sende frå oss pasientar som kan få førsteklasses behandling ved Nordfjord sjukehus, seier Sandven, som nektar å gå på akkord med pasientane sitt ve og vel.
- Nordfjord sjukehus har ei lang historie med å lukkast på ortopedifeltet, og god rekruttering har lukkast nettopp på grunn av det. Kvaliteten og opplegget kring utdanning er førsteklasses ved Nordfjord sjukehus sjølv om dei har færre ortopediske akuttpasientar enn Førde.

Sandven ser ingen fordelar som følgje av vedtaket, men mange ulemper; auka transport, pasientflukt og negative ringverknader for resten av sjukehuset.

• Les saka i Fjordabladet på nett ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar