torsdag 26. juni 2008

Nordfjordrådet ut mot ortopedivedtaket


FJORDABLADET: Nordfjordrådet reagerer sterkt på vedtaket i Helse Førde om at ortopediske akuttpasientar som treng narkose skal sendast til Førde. Rådet har bede folk frå departementet om å ta turen til Nordfjord.

Medlemmene i Nordfjordrådet reagerer sterkt på ortopedivedtaket til Helse Førde. Nordfjordrådet var i dag samla for drøfte ortopedivedtaket, og dei vil raskt gje tilbakemelding til Helse Førde om at dette er noko som dei ikkje vil godta.
Eid-ordførar og leiar i Nordfjordrådet, Sonja Edvardsen(Ap) opplyste at den nye statssekretæren Dagfinn Sundsbø kjem til Nordfjord for å setje seg inn i situasjonen den 24. juli. Det vil i etterkant bli bede om eit møte med leiinga i Helse Førde.

- Det er alvorleg når det blir tukla med ortopedien. Eg er redd for at den misstilliten som er, kan gå ut over tilboda ved sentralsjukehuset. Vi må ha ein dialog vidare bygd på faglege argument, meinte Hornindal-ordførar Bjørn Lødemel (H).

- Agendaen til Helse Førde er å ha eitt sjukehus. Dei må slutte å bygge opp i Førde. Det vi treng er akuttberedskap og fullverdig fødeavdeling. Vi må få ein fullverdig plan. I ei vanleg bedrift omorganiserer ein ikkje i villelse. Vi må krevje at dei ikkje rører sjukehuset før ein får ein heilskapleg plan, sa Vågsøy-ordførar Roger B. Silden (Ap).

- Vi må ha næringslivet på banen. Dette er verken fagleg eller økonomisk ei god løysing. Dei prøver å reparere noko som ikkje fungerer på kostnad av noko som fungerer. Det er eit ledd i ei utarming av sjukehuset, frykta
Selje-ordførar Gunn Helgesen (KrF).

• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar