torsdag 10. desember 2009

Helse Førde: Budsjett og strategi


FRÅ HELSE FØRDE SINE SIDER Helse Førde har no sendt ut styresakene som omhandlar mellom anna budsjettet for neste år, samt strategiprosessen fram mot 2020.

- Sidan september har vi brukt mykje tid på å kartleggje og analysere tenestetilbodet i Helse Førde. Funna der har vore viktige i forhold til budsjettet for neste år, og ikkje minst med tanke på det vidare arbeidet i strategiprosessen.
Det seier administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad.

Handlingsrom
Han peikar mellom anna på at slik situasjonen er i dag, har ikkje føretaket rom for heilt naudsynte tiltak som til dømes nyinvesteringar innan medisinsk-teknisk utstyr, nyinvesteringar i bygg og eigedom, etablering av ruspost på Nordfjordeid eller til etablering av nye tilbod til eldre og kronikarar.

- Strategiprosessen må sørgje for at vi kjem i posisjon til å gjere noko innan desse viktige områda. Vi har i fleire år gjennomført endringsprosessar innan eit snevert handlingsrom som i stor grad har sett ein stoggar for strukturelle endringar. Dette har vore naudsyne endringar, men er over tid ikkje nok til å skape ein berekraftig økonomi.

Helse Førde har lagt nasjonale rammedokument og styringssignal i botn for sitt arbeid med strategien dei komande 10 åra.
- Både Soria Moria 2 og stortingsmeldinga om samhandlingsreformen legg opp til at spesialisthelsetjenesta skal utviklast i ein endå tydelegare spesialisert retning. Det får betyding ikkje berre med tanke på arbeidsdelinga mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta, men også for arbeidsdelinga mellom sjukehusa. I strategiarbeidet ynskjer vi å vidareføre arbeidet med ein betre arbeidsdeling mellom våre institusjonar, seier Bolstad.

Ortopedi
I det vidare strategiarbeidet blir det lagt opp til å sjå på det ortopediske tenestetilbodet i Helse Førde, og moglegheitene for å samle dette på berre to stader. Bolstad meiner det ortopediske tilbodet i Helse Førde har god breiddekompetanse, men utfordringa er at denne kompetansen er spreidd på tre små og sårbare einingar.

- Vi har overkapasitet innan dette fagområdet. I samband med implementering av gjeldande ortopediplan har styret bedt om ei utgreiing som skal synleggjere korleis Helse Førde kan tilpasse kapasiteten og redusere kostnadane. Samla sett utgjere aktiviteten i Eid og Lærdal om lag halvparten av den samla aktiviteten i ortopedisk avdeling, og det er difor omfattande oppgåver som skal flyttast til andre lokalisasjonar. Truleg vil ein lokalisasjon med rein elektiv aktivitet utan akuttberedskap vere ei svært kostnadseffektiv løysing og kunne sameine høg kvalitet og stabil produksjon med lågt personellbehov, seier han.

Felles sengepostar
Styresaka om den vidare strategien i Helse Førde peikar også på fleire område det er naudsynt å kartleggje nærmare.
- Det er ei heil klar målsetjing for oss å redusere liggjetidene og samstundes dreie mykje av aktiviteten over frå døgn til dagbehandling. Sett i lys av dette er det naturleg å vurdere samanslåing av sengepostar og oppretting/utviding av pasienthotell ved alle sjukehusa.

Fødetilbod
Også fødetilboda på Eid og i Lærdal skal analyserast og vurderast før det endelege strategidokumentet blir vedteke av styret til våren. Men Bolstad seier at dette arbeidet også må sjåast i samanheng med Helse Vest sine planar for fødselsomsorga.
- Tidligare nivåinndeling med bakgrunn i talet på fødslar skal erstattast av kvalitetskrav til tenestetilbodet ved fødeinstitusjonane. Med bakgrunn i dette arbeider Helse Vest med ein regional plan for fødselsomsorga og dei signal som kjem i denne, vil være sentrale for organiseringa av tilbodet også i Helse Førde, seier han.

Vedtak i april
Arbeidet med strategiprosessen i Helse Førde har pågått i heile haust, men eit endeleg dokument som skal stake ut kursen fram mot 2020 blir ikkje vedteke før i april.
- Både vi og eigar, Helse Vest, er opptekne av at vi skal ha gode prosessar med våre tilsette. I tillegg har vi ein løpande dialog med ordførarane i fylket om dei endringane vi legg opp til. Sidan mykje av strategiarbeidet må sjåast i samanheng med samhandlingsreformen, der kommunane skal overta ein del av våre oppgåver, er det viktig at vi har ei god samhandling med kommunane. Det endelege strategidokumentet legg vi opp til at styret skal vedta i april, seier Jon Bolstad.

• Klikk her eller på overskrifta for å lese saka på Helse Førde sine sider

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar