tirsdag 1. desember 2009

Unge kvinner med underskriftsaksjon for fødetilbodet i Sogn


Forsvar føden i Lærdal!

Føden i Lærdal står i fare for å bli lagt ned. Fødetilbodet i Indre Sogn er no meir trua enn nokon gong etter at ordføraren i Lærdal, Arne Sanden, i forrige veke gjekk ut i media og eigenhendig la ned fødestova i Lærdal, til stor glede for styret i Helse Førde. Utspelet har verken støtte hjå innbyggjarane eller andre lokalpolitikarar i Lærdal, og dersom føden blir lagt ned skapar dette ei svært utrygg framtid for unge kvinner og familiar i Indre Sogn. Dette kan me ikkje godta!

Fødande må då sendast på utrygge vegar til Voss og Førde, noko som kan vera ei påkjenning for både mor og barn. Det er ikkje alltid forsvarleg å frakta den fødande over så lange avstandar, berre i fjor hadde ein fleire døme på at føden i Lærdal var avgjerande for å redda liv! Når det er snakk om minuttar er både Voss og Førde for langt unna.

Det er viktig å ha eit trygt og forsvarleg fødetilbod med akuttberedskap i nærleiken, og innbyggjarane i Indre Sogn har krav på eit tilbod som er likeverdig med resten av landet. Soria Moria II stadfestar at dagens desentraliserte sjukehustilbod skal oppretthaldast, og dette skal sikra nærleik til akuttfunksjonar og fødetilbod. Regjeringserklæringa lovar vidare at ingen lokalsjukehus skal leggjast ned dei neste fire åra.

Sogn og Fjordane er eit fylke med høge fødselstal, og det er tydeleg at det låge antalet fødslar ved fødestova i Lærdal ikkje skuldast nedgong i fødande, men heller for strenge seleksjonskriterier som tvingar friske kvinner til å reisa til Voss eller Førde for å føde.

Ordføraren i Lærdal gjer det, med sitt samtykke til nedlegging, lite attraktivt for unge familiar å busetja seg i Sogn! Me krev at kommunane og Helse Førde tek hensyn til unge kvinner og familiar i Indre Sogn og syter for eit sikkert og trygt fødetilbod lokalt.

Me treng di hjelp for å redda føden i Lærdal! Vis di støtte og skriv under på oppropet!

Kampanjen varar fram til folkemøtet om Lærdal sjukehus si framtid den 14. desember, då underskriftene blir overlevert representantane frå Helse Førde som er invitert på møtet.

Tips gjerne familie og venner om underskriftskampanjen!

-------------------------------------------------------------------------------------------------
Det blir stand på butikkane i Lærdal laurdag 5. og 12. desember kl. 12–15. Dersom du kan tenkja deg å setja av ein time eller to ein av desse dagane, ta kontakt med Marita Mo på tlf 90596571 eller marita_mo@hotmail.com og Linda Kvam Bjørkum på tlf 47646741 eller linda_kb@hotmail.com
Dersom du ikkje har høve til å vera med på sjølve standen treng me også hjelp til mindre oppgåver som å laga plakat, trakte kaffi og bake kake, køyre ned bord o.l.
Me vil også prøva å få til stand i nabobygdene laurdag 12. desember, dersom du vil gjera ein innsats for føden i Lærdal ta kontakt med Marita eller Linda.
All hjelp er god hjelp!:)

-------------------------------------------------------------------------------------------------

• Klikk her eller på overskrifta for å sjå og signerel underskriftskampanjen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar