tirsdag 15. desember 2009

Omlegging av OVOP på Nordfjord: – Sjukehuset vert sett tilbake til 70-talsnivå


FJORDABLADET – Nordfjord sjukehus vert sett tilbake til 70-talsnivå dersom Helse Førde vedtek å leggje ned overvakingsavdelinga (OVA) og plassere pasientane ut på sengepostane. Det seier ein sterkt opprørt overlege Henrik Berg, som karakteriserer ei slik omlegging som uforsvarleg overfor pasientane.

Fagansvarleg Henrik Berg ved overvakingsavdelinga (OVA) ved Nordfjord sjukehus reagerer sterkt på at administrerande direktør Jon Bolstad har gått ut og sagt på samhandlingskonferanse med ordførarane at ein vil gjennomføre den same omlegginga ved Nordfjord sjukehus som i Lærdal, der ein har innlemma OVA i ei anna avdeling.

Berg las i avisa Firda om endringane som Helse Førde-direktøren vil gjennomføre. Sjølv hadde han ikkje høyrt eit ord om at dette var så godt som bestemt.

– Helse Førde er ei offentleg, skattefinansiert verksemd, det er ikkje ein liten privat bilverkstad der somme kan gjere sine eigne vedtak etter sitt eige hovud, tordnar Berg. Han er sterkt opprørt både fordi han ikkje er blitt informert om den planlagde nedlegginga av OVA ved Nordfjord sjukehus og fordi han meiner at ei slik omlegging vil vere uforsvarleg overfor pasientane.

Overlegen viser også til at ei breitt samansett gruppe leia av direktør Arve Varden for eit par år sidan hadde ein grundig gjennomgang av aktiviteten ved OVA og eventuelle omleggingar. Konklusjonen var at det ikkje var noko å vinne korkje fagleg, økonomisk eller personellmessing på å gjere dei endringane som Bolstad no ser ut til å ha bestemt seg for.


Dei sjukaste sjuke
Overvakingsavdelinga (OVA) ved Nordfjord sjukehus har åtte sengeplassar der dei sjukaste sjuke vert tekne hand om av spesialutdanna sjukepleiarar. Avdelinga tek hand om både nyopererte ortopedipasientar og eventuelle komplikasjonar, samt medisinske pasientar som treng intensiv behandling og tilsyn. Ved ei eventuell nedlegging av OVA, vil intensivpasientane i staden bli plasserte på dei to sengepostane medisin og ortopedi.

På OVA ligg det i dag alt frå pasientar med hjarteinfarkt til personar som har forsøkt sjølvmord. Det seier seg sjølv at det vil vere lite tilfredstillande å stue slike pasientar saman på eitt rom på medisinsk avdeling.

Om natta og i helgane er det få på vakt og med ressurskrevjande pasientar som treng intensiv behandling og tilsyn på avdelinga, vil omlegginga også kunne gå sterkt ut over dei andre pasientane som ikkje er fullt så sjuke, men som også har behov for ein del hjelp.

– Helse Førde skriv fint på sin nettstad at dei er opptekne av å involvere dei tilsette. Direktøren sine utsegner, som inneber nedlegging av OVA, er eksempel på det motsette, seier Berg. Han legg til at dette føyer seg inn i rekkja av tiltak som ikkje er godt fagleg grunngjevne, men som openbart har sentralisering av oppgåver til sentralsjukehuset som einaste hensikt.

Dersom Helse Førde-styret vedtek den førespegla omlegginga, betyr det at sjukehuset vert sett tilbake til 70-talsnivå.

Overvakingsavdelinga vart oppretta i 94/95 fordi organiseringa med felles avdeling ikkje heldt mål fagleg sett, og har ifølgje overlege Henrik Berg fungert glimrande. Her har dei sjukaste sjuke med størst fare for liv og helse blitt tekne hand om av spesialutdanna sjukepleiarar som er trena til å bruke avansert medisinsk utstyr.

– Å flytte tilbake denne pasientgruppa med svært sjuke pasientar til vanlege sengepostar er fagleg sett heilt uakseptabelt, konstaterer Berg. Han legg til at ved slike gjennomgripande endringar, som vil kunne få store negative konsekvensar for pasientane, har han som lege ikkje berre rett, men også plikt, ifølgje norske legeforeinings retningsliner, til å varsle om konsekvensane.

Svært opprørande
Styremedlem Harry Mowatt i Helse Førde har også uttalt seg positivt om å gjennomføre dei same endringane innan OVA på Nordfjordeid som ein har gjort i Lærdal. Berg stiller spørsmål ved kva for faglege vurderingar han byggjer sine uttalelser på.

– Det er svært opprørande å få servert slike utsegner i media når ei breitt samansett faggruppe har konkludert med det motsette, seier Berg. Han registrerer også at pasientar og sjukepleiarar i Lærdal er svært misnøgde med den omlegginga som har blitt gjennomført der.

• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar