torsdag 3. desember 2009

Kva vil Arbeidarpartiet og den raudgrøne regjeringa gjera med helseproblema i Sogn og Fjordane?

Aurland Arbeidarparti hadde møte i Flåm den 30. oktober i år, der mellom anna stortingsrepresentant Ingrid Heggø var med.
På møtet heldt Harald Sjursen eit innlegg med tittelen:Spørsmål til Ingrid Heggø om kva Arbeiderpartiet og den Raudgrøne regjering vil gjera med helseproblema i Sogn og Fjordane (Helse Førde):

Her er innlegget frå Harald Sjursen:

Det vert sagt i Soriamoria II, og i media, at lokalsjukehusa ikkje skal leggast ned i denne stortingsperioden.

Spørsmål:
Skal det halda fram med å leggja ned avdelingar ved desse? Slik det har vore gjort etter staten overtok.
Skal Lærdal sjukehus framleis senda pasientar til Førde sjukehus, sjølv om det i Lærdal er god nok kompetanse til å handsama pasientar der?
Skal ”den forsterka” fødestova ved Lærdal sjukehus framleis vera stengd i 10 veker sumarsbel og i jul og nyttårshelgar?
Skal det som no om helgane liggja pasentar på gangane (koridorane), sjølv om det er sjukerom ledige?
Når kan Lærdal sjukehus atter verta eit påliteleg akuttmottak?

Før valet sende eg på vegne av Aurland Arbeiderparti spørsmål til Jens.
Eg fekk svar den 12. sept. kl. 11:19 frå Margrete Cappelen, politisk rådgiver, Arbeiderpartiets stortingsgruppe.
I svaret sto det mellom anna:
”I Regjeringsærkleringen lovet vi – ha en ambulansetjeneste med god kvalitet og kompetanse over hele landet som har god beredskap og forsvarlig responstid….”
”…Vi er som du påpeker, ikke helt i mål enda. La oss få litt mer tid til å følge opp. Gi oss 4 nye år!

Var alt dette berre valløfter og ingen ting anna?

Etter fyrste brev til Jens Stoltenberg, helse og omsorg, og justisdep. sende 02. febr. 2009 fekk me svar frå Bjarne Håkon Hansen den 6 okt. 2009. Åtte månader etterpå. Og etter valet. Svaret er nær ein kopi av argumenta frå administrasjonen i Helse Førde i 2004, for nedlegging av Aurlandsambulansen frå 2005. Attgjeve i Aurlendingen jan. 2007 med nytt framlegg om nedlegging i 2008. Vesentleg grunna det faste, låge innbyggjartalet i Aurland.
Det går fram i brevet frå Bjarne Håkon Hansen at regjeringa set sin lit til Helse Vest sitt ”faglege” skjønn, og vil ikkje gripa inn i føretaket sine vurderingar eller deling av helsekronene innafor føretaket. Så mange års svelteforing av Helse Førde held fram. Kvifor sa de ikkje dette før valet?

Kva slags styring er dette av ein eigar? Kvar er vallovnadene?
Me er skuffa og vonbrotne. Korleis kunne me endå ein gong stola på ei regjeringsærklering,og gje dei raudgrøne nye 4 år ?
Den var kanskje ikkje meint for Sogn og Fjordane.
Er maktesløysa den raudgrøne regjering sitt reelle program?


Våre argument, som du Ingrid kjenner godt til, er i svarbrevet frå Bjarne Håkon Hansen ignorerte eller ikkje lesne. Argument som: Auka turistmengde på fjord, i fjell, med Flåmsbana og Bergensbana, på rallarvegen, (der det i sumar har vore mange alvorlege uhell) og i Nærøyfjorden Verdsarvområde. Stor aust vest trafikk på E16 og riksveg 50, med mange ulukker i dei mange lange tunnelane me har i kommuen, der ikkje helikopter kan koma til.

I år, etter at ambulansepersonalet frå Aurland vart flytt til Lærdal, har responstida våre rundt ein time og meir, om då ambulanse i det heile har komme. Kor mange som har døydt på grunn av manglande ambulansar i tide, er det ikkje tilgjengeleg statistikk på.

Det me veit er at fyrstehjelp frå eit oppegåande brannvesen i Aurland har redda liv, og redusert skadeomfang av skadde, sjølv om brannvesenet manglar utstyr og utdanning som ambulansepersonal, og tek seg ikkje av akutte sjukdomstilfeller. Fagleg høg kompetanse veg ikkje opp for auka responstid. Ved akutte skader og sjukdomar, står det om minuttar og sekundar for å kunna redda liv.

Meinar Ingrid Heggø og den raudgrøne regjering at dette er forsvarleg responstid?
Når får me att personalet til og dermed Aurlands-ambulansen
?

Helsepolitikken til Helse Vest/ Helse Førde i Sogn og Fjordane minner meg om han som tykte grisen sin var vel dryg i matfatet, så han gav han kvar dag mindre og mindre mat. Då grisen var nesten avvend, døydde han. Då var det slutt på plagene og klagene, for daude folk og griser gryler ikkje.

Harald Sjursen

Flåm 30. okt. 2009.

• Attgjeve med løyve frå Harald Sjursen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar