søndag 9. august 2009

Om å spara seg til fant

LESARINNLEGG I SOGN AVIS, LAURDAG 8. AUGUST: Om å spara seg til fant

Frå 1. september i år er det planlagd at overvakings- og oppvakingsavdelinga (OVOP) ved Lærdal sjukehus skal leggast ned. Funksjonane som tidlegare vert ivareteke av OVOP skal splittast mellom avdeling for akuttmedisin (AAM) og Medisinsk avdeling (Med.) Personell ved AAM skal ta seg av postoperativ overvaking av nyleg opererte pasientar i lokale som i dag er ved OVOP. Det tidlegare personalet ved OVOP skal ta seg av medisinsk overvaking av medisinske pasientar ( t.d. pasientar med pustevanskar, hjertesvikt, eller forgiftingar) på Med. Dette medfører noko ombygging ved og flytting av medisin-teknisk utstyr til Med . Årsaka til omlegginga er økonomiske, ein forventar ei innsparing ved å legge ned OVOP.

OVOP er ei etter tilhøva ei ny avdeling , den vart oppretta i 1999. Årsaka var at tilhøva for pasientar som trong overvaking i samband med alvorleg sjukdom , eller oppvaking etter operasjon , var utilstrekkeleg. Legar og sjukepleiarar planla ei avdeling som kunne stetta moderne krav til overvaking, akuttbehandling, utrustning og personalsamansetting.

Som ved dei fleste mindre sjukehus kom ein fram til at ein skulle samla pasientane med særskilde behov for overvaking eller stabiliserande behandling ved ei avdeling. Ei avdeling, ved Lærdal nemnd OVOP, der pasientane vert lagt på grunn av overvakingsbehov eller behov for stabilisering før vidaresending til høgare behandlingsnivå. Ei slik organisering av sjukehustenester for dei dårlegaste pasientane er grunnlaget for oppretting av overvakings-og intensivavdelingar generelt , og i tråd med faglege retningsliner.

Ved OVOP har ein i tillegg hatt akuttmottak for dårlege pasientar og ansvaret for Legevaktsentralen på natta, noko som ytterlegare har auka fleksibiliteten og utnytting av personalet sine kunnskapar og ferdighetar.

Som tidlegare oversjukepleiar for OVOP gjennom sju år har eg hatt stor glede av å arbeide med fagleg engasjerte, dyktige og høgt ansvarsmedvetne sjukpleiarar. Avdelinga har hatt ein stabilitet bland personalet som er sjeldan i spesialisthelsetenesta. Sjukepleiarane og spesialsjukepleiarane ved OVOP mistar ikkje arbeidet ved den planlagde omorganiseringa, men den faglege kapasiteten deira vert ikkje utnytta.

Ein er klar over at Helse Førde har krav om innsparing hengande over seg, og at leiing på alle nivå er pålagde å finna løysingar for å skjære ned. Oppgåver ved sjukehuset har og blitt noko endra, det gjeld både i høve til medisinske og kirurgiske pasientar, men det skal framleis vera akuttberedskap ved sjukehuset. På eit lite sjukehus meiner eg det er mest rasjonelt å samla kapasiteten og ressursane i høve pasientar med behov for overvaking ein stad. Pasientane treng OVOP! Never change a winning team.

Lærdal 03.08.09
Åge Wiberg Bøyum

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar