torsdag 13. august 2009

Stopp nedlegginga av overvakinga på Lærdal sjukehus!

Til styret i Helse Førde

Vend i tide - det er inga skam å snu!

Den siste tida har både noverande og tidlegare tilsette ved Lærdal sjukehus protestert mot nedlegginga av overvakings-og oppvaknings-avdelinga (OVOP) som eiga eining. Dei peikar på at det korkje fagleg eller økonomisk er ei god løysing å splitte opp desse funksjonane.

Deling av overvakingsutstyret og kompetansen på to lokalitetar vil sjølvsagt gje eit dårlegare tilbod til dei mest sårbare pasientgruppene: Det vil bli mindre kapasitet på medisinske overvakingssenger i Lærdal og fleire transportar av kritisk sjuke til Førde.

Det er skammeleg å tenkje på at dei medisinske overvakingspasientane skal verte plasserte i mindre og dårlegare lokale, medan oppvakningspasientane frå ortopedien berre vil nytta ein liten del av dei flotte OVOP-romma.

Overvakinga ved Lærdal sjukehus er organisert og lokalisert svært rasjonelt i høve til operasjonsavdelinga, mottaksrommet for akuttpasientar (t.d. ved hjarteinfarkt), medisinsk vaktrom og legevakttelefonen. Samstundes som personalressursane vert godt utnytta, slepp pasientane ved overvakinga unødig støy og uro frå gangen på medisinsk avdeling.

OVOP-eininga har ei fleksibel romløysing med høve til ekstra skjerming av dei som treng det mest, samstundes som her er kapasitet til å ta opp til åtte pasientar, om det skulle bli naudsynt med stabilisering av mange ved større trafikkulukker eller ”toppar” av KOLS-/hjartesjuketilfelle om vinteren.

Det er berre ti år sidan OVOP vart oppretta. Løysinga vart utvikla i samarbeid med dei tilsette. Resultatet var ein ikkje berre ”nøgd” med, men direkte stolt av! Nedlegging av denne eininga rammar såleis Lærdal sjukehus på ein meiningslaus måte. Korkje tilsette eller me som høyrer til sjukehuset, kan teia når dette skjer.

Nedlegginga av OVOP i Lærdal er eitt av mange forslag til sparetiltak i Helse Førde. På styremøta høyrer eg ofte at de etterlyser økonomisk utteljing av tiltaka de har vedteke. Denne saka vil ikkje verte noko unnatak! Ein treng ikkje vere synsk for å spå at effekten av omfattande ombyggingstiltak med ekstra utstyr (for overvaking på to lokalitetar) og ”dobbel overvakingsbemanning” ikkje vil gje noko positivt bidrag til budsjettbalansen i foretaket, verken på kort eller lang sikt. Dette vert ein leik med tal, der ein berre vil skuva kostnadar mellom klinikkar og einingar.

Om styret i Helse Førde verkeleg har sett seg inn i saka og forstår kva de gjer med denne endringa, kan det ikkje tolkast på anna vis enn at de ynskjer å setje meir fart i nedbygginga av lokalsjukehuset vårt.


Lærdal, 12. august 2009

Forsvar Lærdal sjukehus
v/Bente Øien Hauge

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar