mandag 5. november 2007

Florø sjukehus: Bygningane verdsett etter Oslo-prisar

Når Helse Førde trur dei kan spara 20 millionar på å leggja ned Nærsjukehuset i Florø er marknadsverdi fastsett etter Oslo-nivå ein vesentleg faktor.

I budsjettet til Nærsjukehuset på kring 50 millionar kroner er det sett opp ei årleg avskriving på bygningane åleine på heile 7,6 millionar. Grunnlaget for avskrivinga er verdien staten sette på bygningsmassen under overtaking av sjukehusa i samband med sjukehusreforma i 2002. Sjukehuset i Florø vart då prisa til heile 126,5 mill. kroner

For også dei andre sjukehusbygga i fylket er verdsette på same måten. Samla bokfører Helse Førde i år ei avskriving på 123 millionar kroner. Av dette utgjer bygningar heile 48,4 millionar kroner, skriv Firdaposten. NB! I følge Helse Førde er det korrekte talet 78,4 mill - ikkje 48,4.

Etter fem års avskriving kan verdien på nærsjukehus-eigedommen no stipulerast til knappe 90 millionar.

Galskapen er omtalt i Firdaposten på nett (klikk på overskrifta eller kopier lenka under):
http://www.firdaposten.no/lokalnytt/article3106442.ece

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar