mandag 12. november 2007

Maskepi om lokalsjukehus

"Det mest interessante er korleis tal og konklusjonar blir brukte av ulike interesser. Då SINTEF-rapporten om Nærsjukehuset kom, vinkla Førde-pressa på at «SINTEF slaktar drifta av Nærsjukehuset». Det som eigentleg står i rapporten var: «Helse Førde som eigar har verken vist vilje til nyskaping eller kunnskapsproduksjon i nærsjukehuset.» Med andre ord, Helse Førde har inga positiv interesse i at pilotprosjektet skal lukkast."

"Reknestykket om sparing/ikkje sparing er eigentleg veldig enkelt, dersom ein legg til grunn at pasientane ved Nærsjukehuset faktisk har rett på behandling i helsevesenet. Dess fleire senger som blir lagt ned ved eit lite og effektivt sjukehus, dess større blir underskotet når dei same pasientane skal få hjelp ved eit sjukehus som er langt dyrare i drift. Kampen her handlar langt mindre om sjukehusøkonomi enn om å få til ei sterkare sentralisering i fylket."

• Henta frå leiar i Firdaposten 12.11.07. Klikk på overskrifta for å sjå leiaren i sin heilheit.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar