lørdag 3. november 2007

Helse Førde: Framstår som antennelaust monster?

– Arrogant og uproft, seier kommunikasjonsekspertar om måten Helse Førde gjekk ut med nyhenda om nedlegging av Nærsjukehuset i Florø. Dei som til dagleg gir råd om kommunikasjon og strategiar gir Helse Førde stryk i nærsjukehussaka, etter å ha studert kva som er publisert på lokale nettaviser dei siste dagane.

– I dette tilfellet er det tydeleg at Helse Førde ikkje hadde nokon strategi. Å kommunisere med dei det gjeld før informasjonen lek til media er sjølvsagt, seier Anne Christel Johnsgaard, som er partnar i Geelmuyden.Kiese. Der gir ho blant anna helseføretak råd om val av strategi innan kommunikasjon. Ho har sett mange døme på handtering av nedlegging av sjukehus, og ho meiner det er få avgjerder som skaper like stort engasjement.

– Det kan vere saklege grunnar for avgjerda, men handlinga skaper kjensler på høgd med ein kyrkjebrann.

Anne Christel Johnsgaard forklarer at all kommunikasjon handlar om å vise at du har hovud, hjarte og hender.

– Du må vise at du kjenner alle sidene ved saka, at du forstår dei som blir råka, og sist, men ikkje minst, at du viser handlekraft overfor dei som blir råka. Å informere gjennom media viser at ein verken har godt hovud, godt hjarte eller dyktige hender. Det vitnar om ein manglande forståing for saka si natur og Helse Førde si rolle. I ei sak som råkar eit heilt lokalsamfunn så sterkt, ville eg anbefalt at styret og leiinga gjekk ein grundig prosess med dei tilsette. Så burde dei vist at dei forsto alvoret i situasjonen ved å invitere til ein open pressekonferanse. Slik saka synest handtert framstår Helse Førde som eit antennelaust monster.

Saka er hentet fra Firdaposten på nett:
http://www.firdaposten.no/lokalnytt/article3101356.ece

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar