onsdag 14. november 2007

Gjerland og kameratane støttar kutta i Helse Førde

Nokre lokalpolitikarar forsvarar sjukehusa i regionen sin. Ein del har til og med sett det som si oppgåve å kjempa for auka løyvingar til sjukehus, har me registrert.

Andre lokalpolitikarar, som t.d. Førde-ordførar Nils "Drowsy" Gjerland og kameratane hans, tykkjer det er heilt greit å byggja ned.

Og kva for tidspunkt vel dei til å gå ut og støtta sjukehuskutt i fylket? Jau, akkurat dei vekene Stortinget driv med statsbudsjettet! – Genialt, folkens! Med vener som dykk her i fylket, treng me ikkje fiendar i Oslo.

Flora-ordførar Bente Frøyen Steinland (Ap) reagerer. Det er ikkje rart. Var det nokon som sa "regionstrid"?

"Nils Gjerland (Sp) i Førde har teke initiativ til eit brev stila til helseminister Sylvia Brustad (Ap) der det blir uttrykt støtte til Helse Førde-leiinga sitt arbeid og dei planlagde innsparingane ved helseføretaket. Innsparingane inneber nedlegging av sengeposten ved nærsjukehuset i Florø.
Brevet frå Gjerland vart sendt ut til alle fylkets 26 ordførarar med oppmoding om å signere. 13 av ordførarane har følgt oppmodinga, inkludert Sogndal og Luster i Indre Sogn og Gloppen i Nordfjord."

• Sjå heile saka på Firda ved å klikke på overskrifta eller gå inn på www.firda.no

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar