tirsdag 9. november 2010

Årdal: Fryktar veljarflukt


SOGN AVIS Ordførar krev handling frå statsministeren i viktige saker for Sogn.

Ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid, fryktar at veljarane vil forsvinna til andre parti om ikkje Jens Stoltenberg kjem med klare svar i høve sjukehus og Hydro.

I ein e-post til statsminister Jens Stoltenberg er Årdal-ordføraren usedvanleg krass i språkbruken. Den vanlegvis så diplomatiske Lægreid slår fast at han er skuffa over manglande klare signal frå toppleiinga i Arbeidarpartiet.

Må skje noko

I e-posten til Stoltenberg skriv Lægreid mellom anna at han føler at partiet og regjeringa ikkje leverer, som han skriv.

– Skal me behalda veljarane til neste val må her skje noko, skriv Lægreid.

Han skisserer først den manglande viljen frå Hydro til å satsa i Årdal. Han meiner at dei no har gjeve signal om at dei berre vil satsa i utlandet, og då særleg gjennom eit andre byggjesteg i det gigantiske Quatalum-prosjektet i Qatar, det sokalla Qatalum II.

– Noreg må behalda og utvikla kompetanse i aluminiumsproduksjon produsert av den reinaste energiform vasskraft. No må Hydro satsa i Norge og Årdal. Her har dei fått tilgang på kraft i nye 50 år for å kunna ha langsiktigheit i sine investeringar. Ingen signal i dag tyder på at dei vil satsa, heller tvert i mot, skriv Lægreid.

I den elektroniske posten til statsministeren tek ordføraren og fram sjukehuskampen.

Har lova

Det er ei kjend sak at Lægreid og resten av årdalssamfunnet vil kjempa med nebb og klør for å oppretthalda sjukehuset i Lærdal, både i høve akuttberedskap og fødetilbod.

– Her har regjeringa lova. No må regjeringa vera tydelege å konkludera i denne saka. Dersom ikkje vert dette ei taparsak for AP, skriv ein usedvanleg krass Arild Ingar Lægreid.

Han ber no om eit møte med statsministeren, for å gje ei meir detaljert forklaring på kvifor han meiner det no er på tide med klare svar frå regjeringa.

– Dersom du kunne tenkja deg å få innspela meir detaljerte er mitt største ønske eit møte. Helsing frå ein av dine trufaste ordførarar, avsluttar Lægreid.

Ordføraren seier til Sogn Avis at han med e-posten vonar at regjeringa og partiet forstår at ein på grunnplanet treng den politiske toppleiinga på bana.

Viktige saker

– Eg fekk presentert synet mitt i høve Hydro si manglande satsing då eg møtte Jonas Gahr Støre førre veke, og me har jo fått ein del svar om sjukehuset. Men det er heilt på det reine at det eg skriv om til statsministeren er viktige saker for årdalssamfunnet, seier Lægreid til Sogn Avis.

• Les saka i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar