mandag 22. november 2010

Strøm-Erichsen: Må sjølve vurdere bemanning og innhald


FJORDABLADET – Det einskilde (sjukehus) føretak må sjølv vurdere kva samansetting og kva medisinsk kompetanse som er naudsynt på personalet for å ivareta pasientgruppa, samt etablering av nye desentraliserte tilbod ved sjukehusa. Dette skriv helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm Erichsen (Ap) i eit svar på eit spørsmål stortingsrepresentant Åge Starheim (FrP) stilte tidlegare denne månaden.

Spørsmålet til Åge Starheim hadde følgjande ordlyd:
I svaret frå statsråden på mitt spørsmål nr. 127 vart det presisert at ingen sjukehus skal leggjast ned, og at sjukehuset på Nordfjordeid skal ha akuttberedskap innan indremedisin.
Er statsråden samd i at ei slik avdeling som statsråden viser til i sitt svar på mitt spørsmål nr. 127 må ha overlegar innan medisin og kirurgi, sjukepleiarar, anestesilegar, anestesisjukepleiarar, samt lab. og radiologi?

I svaret skriv helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen: I mitt svar på ditt spørsmål nr. 127 uttrykte eg kva som er regjeringa si politikk på området.

– Regjeringa legg til grunn at det desentraliserte sjukehustilbodet me har i dag skal oppretthaldast. Dette er uttrykt både i regjeringsplattforma og i høyringsutkastet til Nasjonal helse- og omsorgsplan.

– Det vil framleis vere tre sjukehus i Sogn og Fjordane. Det vil vere indremedisinsk tilbod både på sjukehuset i Lærdal og i Nordfjordeid slik at ein skal kunne ta seg spesielt godt av den aukande gruppa av pasientar med kronisk sjukdom, også ved akutt forverring av sjukdomen.

– Det einskilde (sjukehus) føretak må sjølv vurdere kva samansetting og kva medisinsk kompetanse som er naudsynt på personalet for å ivareta pasientgruppa, samt etablering av nye desentraliserte tilbod ved sjukehusa. Ein må sjå på dei totale personellressursane på tvers av dei tre sjukehusa.

– Det er Helse Vest RHF som har ansvaret for å sørgje for en heilskapleg plan for spesialisthelsetenesta i regionen, óg i Sogn og Fjordane. Dei må ta stilling til kva som er eit forsvarleg tilbod til befolkninga i fylket. Framtidig organisering av sjukehustilbodet i Sogn og Fjordane skal handsamast i Helse Vest RHF i samband med heilskapeleg strategi for helseregionen den 1. desember 2010.


• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar