onsdag 10. november 2010

Brev frå bygdekvinnelaga til helse- og omsorgsministeren

Til Helse-og Omsorgsdep.
v/ Helse-og Omsorgsminister

Stårheim, 3.11.2010

Bygdekvinnelaga i Kjølsdalen, Stårheim, Haugen-og Dalen i Eid Kommune ser med stor uro og protesterar på det sterkaste over styrevedtaket som Helse Førde gjorde 22.10.2010. Der det vart vedtekje at fødeavdelinga på Nordfjord Sjukehus og den forsterka fødestova i Lærdal skal leggjast ned.

Tryggleiken med å ha eit lokalsjukehus med fødeavdeling betyr alt for å oppretthalde busetnaden i distrikta. Det er ca 20 mil frå mange stadar i ytre Nordfjord til Førde, i tillegg ei ferge. Vi undrar oss på om dei som planlegg og har makta i si hand, kan tilrå at nokon i sin eigen familie skal reise den lange vegen etter at ein fødsel er i gong. Ved å leggje ned fødetilbodet på Nordfjordeid, vil tryggleiken til mor og barn forringast på grunn av dei lange reiseavstandane.

Bygdekvinnene i desse laga viser til Soria Moria-ærklæringa der det er lova at ingen lokalsjukehus skal leggast ned. Vi ber difor Regjeringa om å sikre eit trygt helsetilbod for alle uansett kvar ein bur i landet.

Med venleg helsing

Astrid Gilleshammer, Kjølsdalen Bygdekvinnelag
Bente Røed, Stårheim Bygdekvinnelag
Tove Kjørstad, Haugen-og Dalen Bygdekvinnelag
 
Kopi:
Helse Vest v/Oddvard Nilsen
Kommunalminister Liv Signe Navarsete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar