tirsdag 2. november 2010

Utfordra til nytenking om føden


FIRDA Helse Vest i møte med nordfjordordførarane

Ei vidareføring av dagens fødeavdeling ved Nordfjord sjukehus var ikkje med blant alternativa leiinga i Helse Vest i spelte inn som diskusjonstema for Nordfjord-ordførarane under eit møte på Nordfjordeid i dag.

– Det eksisterande fødeavdelingsalternativet kjenner vi, sa Helse Vests adm. dir. Herlof Nilssen til firda.no, etter at han innleia til ordskifte under dagens møte mellom regionføretaket og ordførarane i Nordfjord.

Tre alternativ
Helse Vest inviterte til synspunkt rundt tre konkrete alternativ for den framtidige fødetenesta.

Det eine er Helse Førdes framlegg, med Kvinneklinikk i Førde, med eining for barsel og kvinnesjukdomar på Eid, og der gynekologar ambulerer frå Førde.
Det andre er jordmorstyrt fødestove på Eid.
Det tredje alternativet er eit samarbeid om fødetenestene med sjukehuset i Volda.

Avgjerda ikkje teken
Leiinga i Helse Vest streka samstundes sterkt under at avgjerda ikkje er teken, og oppmoda ordførarane til å kome med kommunane sine reelle alternativ.

Ei rekkje av dei lokale representantane, som Nordfjordrådets leiar Gunn Helgesen (KrF) og Vågsøy-ordførar Roger B. Silden (Ap), kritiserte sterkt Helse Førdes prosess og innsnevring av mandatet for gruppa som skulle greie ut fødetilbodet.
– Vi føler at vi ikkje blir tekne alvorleg av Helse Førde, sa Silden.

Toppane
Under møtet stilte toppleiinga for Helse Vest med styreleiar Oddvard Nilsen og adm. dir. Herlof Nilssen i spissen. Lokalt stilte ordførarar, rådmenn og helsepolitikarar frå alle deler av Nordfjord, pluss m.a. gynekolog Arne Järnbert frå Nordfjord sjukehus og kommunelege Trond Inselseth frå Vågsøy. Frå Helse Førde stilte administrasjonen i føretaket og styremedlemene Harry Mowatt og Anni Felde.

• Les saka i Firda ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar