onsdag 24. november 2010

Vil fylla bussar til Oslo


SOGN AVIS – Ta ein fridag og bli med i kampen for lokalsjukehusa. Det er oppmodinga frå Bente Øien Hauge, leiar i forsvar Lærdal sjukehus.

Måndag 6. desember blir det demonstrasjon framføre stortinget i regi av folkerørsla for lokalsjukehusa. Det er rekna med busslaster med folk frå heile landet.

– Sist kom det over 1.000 personar, eg vonar det kjem endå fleire no. Kampen er ikkje tapt.

Frå Lærdal er det i utgangspunktet sett opp to gratis bussar, men Øien Hauge seier dei tingar så mange bussar som naudsynt.

Fleire prosessar
Ho seier at bakgrunnen for demonstrasjonen no er at det skjer mange prosessar i helseføretaka over heile landet akkurat no.
– Det blir heilt feil at det skjer no i høve til at det no ligg ein nasjonal helseplan ute på høyring. Denne vil legga føringar på kva andre tilbod me skal ha. Så hovudkravet vårt er at ingenting skal leggjast ned fram til stortinget behandlar den nasjonale helseplanen våren 2011.

Helseplanen har høyringsfrist i midten av januar, og Øien Hauge seier dei legg stor vekt på å mobilisera einskildpersonar, pasientar, kommunestyre og andre til å koma med innspel.

– Det er den direkte påverknaden me har på kva som skal skje med sjukehustilbodet vårt. No kan helseføretaka leggja ned tilbod på tvers av folkeviljen, det er ikkje sikkert dei har det same handlingsrommet etter at den nasjonale helseplanen er vedteken. Den opnar også for justeringar av sjølve føretaksmodellen.

Mange aksjonsgrupper
Øien Hauge seier det er nær 30 aksjonsgrupper for lokalsjukehus over heile landet og at dei har kontakt med dei fleste.

– Det er viktig at folk stiller opp og blir med innover til Oslo. Det er der me kan påverka no. Dersom me skal synleggjera det som skjer i høve til nedlegging av akuttberedskapen og føden, så er det viktig at mange har plakatar med Lærdal på.

Øien Hauge legg til at det er ikkje sikkert at ei nedlegging av tilbod i Lærdal og på Nordfjordeid vil gje ei økonomisk vinst for helseføretaket.

– Det er ein myte at sentralsjukehuset vil greia seg bra dersom me legg ned i Lærdal og Eid. Desse økonomiargumenta held ikkje i det heile, seier Øien Hauge, som trur dei greier å berga Lærdal sjukehus.

– Men då krevst det at veldig mange blir med og viser at me krev det. Eg er viss på at det engasjementet som har vore rundt sjukehuset, har vore med på å bremsa nedbygginga som Helse Førde til stadig prøver på. Så det har ikkje vore bortkasta det me har gjort.

• Les saka i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar