fredag 5. november 2010

Næringslivet i Nordfjord: Krev nærleik til spesialisthelsetenestene


FJORDABLADET I eit opprop som er adressert til stortingspolitikarane frå fylket, fylkespolitikarane, Helse Førde, Helse Vest og helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen krev eit samla næringsliv i dei sju nordfjordkommunane at raseringa av lokalsjukehuset blir stoppa.

I skrivet heiter det: – Næringslivet i Nordfjord er svært opptatt av nærleik til og tryggleik for basale akuttfunksjonar. På linje med veg og annan infrastruktur betyr Nordfjord Sjukehus mykje for tryggleiksfølelsen, og vi er mange som personleg har erfart betydinga av å ha eit sjukehus rimelig nær.

– Nordfjord er det einaste av fogderia i Sogn og Fjordane som ikkje har eit høgskuletilbod. Dette inneber at vi må oppfordre ungdommen vår om å reise ut for å skaffe seg utdanning og gjerne nyttig erfaring før dei vender tilbake med ein partner. Som kjent er då nettopp den store utfordringa å lokke ungdommen tilbake. Fylket har dei siste åra satsa sterkt på kultur for å skape attraktive lokalsamfunn. Men kva hjelper det om dette tilbodet blir kjempebra om dei unge ser at vi ikkje lenger kan tilby basale akuttfunksjonar i regionen vår?, spør næringslivet.

– Som bedriftsleiarar forstår vi at ein også må akseptere former for endringar i helsevesenet. Men ut frå det som har vore fremma i media den siste veka, så forstår vi det slik at det er ei faglig grunngjeving for å legge ned fødetilbodet. Samtidig registrerer vi at den faglege grunngjevinga blir sterkt imøtegått blant legar i Nordfjord, der det også vert avdekka reelle faktafeil i grunngjevinga for å legge ned tilbodet, skriv næringslivleiarane i oppropet.
– Vi har ikkje føresetnader for å gå inn i diskusjonen mellom fagfolka, men som bedriftsleiarar vil vi uttrykke vår store uro for konsekvensane av ei framleis venjeklipping av Nordfjord Sjukehus og kva dette vil bety for nærings- og befolkningsutviklinga i Nordfjord.

– På vegne av bedrifter i Nordfjord og alle medarbeidarane i verksemdene ber vi om at det vert teke initiativ til å trygge basale akuttfunksjonar i fylket og dermed å sikre eit interessant nærings- og befolkningsgrunnlag, heiter det i oppropet frå eit samla næringsliv i dei sju Nordfjord-kommunane.

• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar