mandag 22. november 2010

Starheim: - Krev fødetilbod både i Volda og Nordfjord


FJORDABLADET (PAPIRUTGÅVA 20. NOVEMBER 2010) Når Regjeringa har vedteke at ingen lokalsjukehus skal leggast ned, så undrar det meg at den same regjeringa ikkje kan vere meir presise på kva lokalsjukehusa skal innehalde.

Dette seier stortingsrepresentant Åge Starheim(Frp) som har vore flittig å stille spørsmål om temaet til det siste året.
– Etter mitt syn har både regjeringa og statsråden mykje dokumentasjon å halde seg til på dette området, seier Åge Starheim og viser til at tidlegare helsestatsråd Sylvia Brustad i 2006 sette ned eit arbeidsgruppe som skulle sjå på lokalsjukehusa sine akutt- funksjonar og innhald. Rapporten vart overlevert dåverande helseminister på vårparten 2007.
– Både den førre og den noverande raudgrøne regjeringa har referert til rapporten «Lokalsykehusenes akuttfunksjoner i en samlet behandlingskjede» i statsbudsjett og andre departementale dokument sidan den vart overlevert.

Stor semje
– Det var brei semje i arbeidsgruppa om at lokalsjukehusa er en viktig del av norsk helseteneste, og at dei representerer ein tryggleiksbase for befolkninga. Det vart også peikt på at nærleik, breiddekompetanse og lokalkunnskap er lokalsjukehusa sine fortrinn. Arbeidsgruppa peikte i sin analyse også på at 50-70 prosent av alle pasientar som treng øyeblikkeleg hjelp og innlegging, kan ferdigbehandlas på lokalsjukehus. Det vart også poengtert at når det vert tilrettelagt slik at lokalsjukehusa utnyttar sine fortrinn, så leverer dei tenester av høg kvalitet. Lokalsjukehusa er derfor, slik arbeidsgruppa såg det, føretrekte tenesteleverandørar av eit fleirtal av spesialisthelsetenester, også akuttenester, seier Åge Starheim og legg til at arbeidsgruppa meinte det var behov for å vidareutvikle lokalsjukehusa og helsetenesta generelt.
– Bakgrunnen for dette standpunktet skuldast blant anna ny kunnskap og teknologi, og ikkje minst demografiske og epidemiologiske endringar.
– Arbeidsgruppa meinte derfor at det var nødvendig å utvikle tenestene ved lokalsjukehusa på ein måte som i størst muleg grad gagna både pasientane og samfunnet og at omstillingane først og fremst ikkje måtte forståast som flytting av tenester mellom nivåa (desentralisering og sentralisering), men som endring av tenester og måten helsepersonellet arbeider på, seier Starheim.

Fag og kvalitet
– I rapporten har arbeidsgruppa peikt på forslag til faglege standarder for lokalsjukehus med akuttfunksjonar (akuttsjukehus) og lokalsjukehus med tilpassa akuttfunksjonar. Til det siste er det å seie at Nordfjord sjukehus (NSH) per i dag er eit lokalsjukehus med tilpassa akuttfunksjonar. På grunn av at det er og var avgrensa systematisert kunnskap og erfaring i Norge om drift av sjukehus med hovudvekt på indremedisinske akuttfunksjonar, planlagt kirurgi og enklare kirurgisk beredskap, føreslo arbeidsgruppa at ein kvalitetssikra og utgreidde dette driftskonseptet nærmare. Vidare at ein innhenta kunnskap om erfaringar frå andre land og frå sjukehus i Norge, eksempelvis frå sjukehuset i Mosjøen og Nordfjord sjukehus. Arbeidsgruppa meinte også at forslag til prosesskrav, både sjølve prosessane si organisering og innhald måtte evaluerast etter ei rekkje dimensjoner, både når det galt transport, fagleg kvalitet, brukarvelnøye, rekruttering og utdanning. Bakgrunnen for at arbeidsgruppa tilrådde at eit driftskonsept som lokalsjukehus med tilpassa akuttfunksjonar, vart kvalitetssikra og utgreidd, hadde anna samanheng med forventa behov for helsetenester i framtida som følgje av den demografiske og epidemiologiske utviklinga, talet på pasientar som vil ha behov for indremedisinske akuttenester, og at indremedisinen i sin natur i hovudsak er akutt, seier Åge Starheim.

Innhald i lokalsjukehusa
– Med bakgrunn i det arbeidsgruppa hadde kome fram til føreslo dei, som eit utgangspunkt for det vidare utgreiingsarbeidet, at alle lokalsjukehus med tilpassa akuttfunksjonar, som eit minimum, måtte ha indremedisinsk akuttberedskap på døgnbasis. Vidare at lokalsjukehus med tilpassa akuttfunksjonar måtte ha anestesilegar i døgnberedskap, kunne tilby planlagde kirurgiske tenester innretta mot store pasientgrupper, organisert enten som dagkirurgi eller med moglegheit for innlegging i sengepost. Arbeidsgruppa meinte i tillegg at desse sjukehusa måtte kunne dokumentere kompetanse i å utføre visse akuttkirurgiske prosedyrar på døgnbasis. Her vart det i tillegg peikt på at det vil vere enkle prosedyrar som det er urimelig at pasientar reiser langt for å få, samt prosedyrar som er viktige for å stabilisere pasientar, seier Starheim.
– Ut frå det denne arbeidsgruppa kom fram til finn eg det svært underleg at statsråden ser bort frå tilrådingane dei kom med og ikkje kan seie noko om kva kompetanse eit lokalsjukehus må ha for å vere eit sjukehus. Slik eg oppfattar det så er eit lokalsjukehus med indremedisinsk beredskap eit lokalsjukehus med tilpassa akuttfunksjonar, seier Starheim som er svært kritisk til den prosessen som helseføretaka no køyrer i høve fødetilbodet.

Fødetilbodet
Arbeidsgruppa som Starheim viser til sa lite eller ingen ting om fødetilbodet. Gruppa meinte likevel at det var behov for omstillingar i fødselsomsorga, på grunn av at det var manglande samsvar mellom eksisterande faglege retningslinjer og struktur i fødselsomsorga. At det var driftsmessige utfordringar ved mange fødeinstitusjonar og store endringar i gynekologifaget.
– Eg registrer at det er samtalar mellom Helse Midt-Norge og Helse Vest om fødetilbodet i Nordfjord og på Sunnmøre. Når ein no planlegg fødetilbod for framtida er det nokre heilt sentrale føringar som bør leggast til grunn. Samstundes som at ein drøftar det framtidige fødetilbodet mellom Ålesund og Førde, så føregår det ein samferdsledebatt – ferjefri E39 frå Trondheim til Stavanger, seier Starheim og legg til at endringane på samferdslesida også må takast med i vurderingane.

Kortast og lengst
– Det er ikkje usannsynleg at det i løpet av nokre år vil vere ferjefritt mellom Volda og Ålesund.
Då vil både reisetid og reiseavstand mellom Volda/Ørsta og Ålesund kortast betrakteleg ned. Avstand er, i tillegg til risiko og fagleg kvalitet, eit viktig kriterium i fødselsomsorga. Dersom ein skulle følgje fagdirektøren i Helse Midt-Norge sitt råd om å satse på Volda sjukehus som fødeinstitusjon for fødande i Nordfjord i framtida, fordi Volda i dag er, etter hans påstand, meir robust enn miljøet ved Nordfjord sjukehus, så gjer ein ein stor bommert. I motsetnad til avstanden mellom Volda og Ålesund, så vil avstanden mellom eksempelvis Måløy og Volda, over Kviven, vere 14 til 15 mil. Altså meir enn det doble av det eit fer- jefritt samband mellom Volda og Ålesund vil bli. Endå lenger blir det for dei som bur i Selje og på Stadlandet. Sjølv avstanden mellom Eid og Volda vil vere eit par mil lengre enn mellom Ålesund og Volda. Difor, og det er mitt hovudpoeng, må ein legge avgjerande vekt på desse forholda når ein legg grunnlaget for det framtidige fødetilbodet for denne regionen, seier Åge Starheim.

Både Volda og Eid
–Ut i frå det eg no har sagt så har ein etter mitt syn ikkje noko anna val enn å oppretthalde både fødeavdelinga på Nordfjordeid og fødeavdelinga i Volda. Dette vil for det første vere å ta pasientane og dei fødande på alvor. Det vil skape tryggleik for innbyggarane. Det vil vere samfunnsøkonomisk rett og det vil bidra til at ein kan drive lokalsjukehusa kostnadseffektivt, seier Åge Starheim.

• Denne saka står berre i papirutgåva av Fjordabladet 20.11.2010. Kjøp Fjordabladet som pdf-avis ved å klikke her eller på overskrifta.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar