fredag 5. november 2010

- Lærdal sjukehus skal ikkje leggast ned


PORTEN Dette slo styreleiar i Helse Vest, Oddvard Nilsen fast då han torsdag inviterte Arne Sanden og ordførarane i dei andre sognekommunane til møte på Lærdal sjukehus.

Også administrerande direktør Herlof Nilsen var klar på dette.
- Eg finn grunn til å understreke at lokalsjukehuset her ikkje skal leggast ned, understreka Herlof Nilssen.

Styreleiar og administrerande direktør i Helse Vest sa målet med møtet i Lærdal var å lytta, få innspel, gode idear og tankar før saka kjem til endeleg avgjerd Helse Vest i desember. Dei la og vekt på at saksframlegget så langt ikkje var ferdigskrive.

Dei to toppane i Helse Vest kjenner nok godt til sjukehusstriden i fylket, og kva dei ulike kommunane i Sogn meiner om akuttfunksjonar, fødetilbod, ortopedi og andre tilbod knytt til sjukehuset i Lærdal.

Spennande initiativ frå Årdal
Møtet i Lærdal vart innleia med innlegg frå dei åtte ordførarane. Oppsummert ga alle utrykk for at dei også i framtida vil ha eit lokalsjukehus i Lærdal, usemja går meir på innhaldet.

Ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid la vekt på kor viktig sjukehuset er for industrikommunen, og at eit samrøystes kommunestyre sto bak kravet om å oppretthalde sjukehuset med akuttfunksjonar og fødetilbod.

I møtet vart det og snakka om kva nye tenester tenester ein kan tilføre for å styrke lokalsjukehuset. Spesielt inn mot store pasientgrupper, som til dømes pasientar med kols.

- Her finn eg grunn til å nemne at Årdal har teke initiativ mot departementet for å drive eit kolsprosjekt i lag med Lærdal sjukehus. I Årdal jobbar me og med å få på plass felles legevakt i lag med Aurland og Lærdal, som allereie har eit slikt samarbeid, sa Lægreid.


Ortopedien er flaggskipet
Ordførar i Lærdal sa han stolar på at helseministaren gjer det ho har lova å gjere, nemleg å oppretthalde sjukehuset i Lærdal. Vidare beklaga han vedtaket styret i Helse Førde har gjort i saka. Styreleiar Clara Øberg og medlem av styret Jorunn Ringstad, sat begge på tilhøyrarbenken under møtet i Lærdal.

Som de ser snur eg i dag ryggen til Helse Førde, og det vedtaket dei har gjort i strategiplanen. Ikkje til personane, men til vedtaket, understreka Sanden. Og spesielt at dei vurderte å etablere eit medisinsk senter i Sogndal.

- Elles vil eg nemne dei tilsette ved sjukehuset vårt. Situasjonen for dei her, og har lenge vore, vanskeleg, difor er det viktig at Helse Vest no gjer eit vedtak rimeleg fort. Så usikkert som det er i dag er det og vanskeleg med omsyn til rekruttering, sa Sanden. Som og nemde ortopediklinikken i Lærdal.

- Eg finn grunn til å minna om kva tidlegare administrerande direktør Jon Bolstad sa tidlegare i år; "ortopeditilbodet i Lærdal er sjølve flaggskipet i dette tilbodet i Helse Førde". Ortopediklinikken er også økonomisk berekraftig og bidreg positivt. Eg ber difor om at Helse Vest også opprettheld dette tilbodet i framtida, sa ordførar Arne Sanden.

Ordføraren sa det var viktig å ta samhandlingsreforma på alvor, og at han vil arbeide for at kommunane får til eit godt samarbeid.

- Eg ser her fram til eit godt samarbeid med Helse Vest og Helse Førde, og Lærdal kommune vill bidra til dette på best mogleg måte, sa Sanden.

• Les saka på Porten ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar