onsdag 18. november 2009

Hilmar Høl: Manar til ro


SOGN AVIS Leiar i Årdal Ap, Hilmar Høl, er irritert over sjukehusstriden og manar til ro og samhandling.
– Til tider får me ein debatt som er fullstendig ute av proporsjonar. Det er ikkje bra i det heile tatt, og eg er redd for at dette er særs øydeleggjande for folk generelt si oppfatning av tilstanden i fylket vårt, seier Høl til Sogn Avis.

Fogderistrid
– Det eine innlegget overlappar det andre og dei fleste meiner å ha svar på korleis tenestene skal takast i vare i sitt fogderi. Når organiseringa av Helse Noreg er blitt slik han er, i høve til reforma, og pengestraumen frå Helse Vest til Helse Førde er slik han er, så er det eit styre si fordømte plikt å gjera grep i forhold til dei midlane som står til disposisjon, seier han, og legg til at for politikarar blir det som å kasta stein i det vidgjetne glashuset å meina at Helse Førde skal bruka meir midlar enn dei har til rådvelde.

Må dela kutta
Høl legg ikkje skjul på at han meiner det er legitimt å stilla spørsmål om organiseringa i Helse Førde er optimal og god nok for å ivareta helsetilbodet i fylket, ikkje minst om ein prioriterer rett, og gjev si fulle støtte til Lærdalsordførar Arne Sanden om at det må samarbeid til for å løysa utfordringane i helseføretaket.
Samarbeidet må byggja på at kutta vert fordelt mellom desse – også sentralsjukehuset, seier Høl.

Stør Lunden
Han minner om at når samhandlingsreforma kjem og kommunane skal overta mange av dei tenestene helseføretaka tek seg av i dag, vil det gje dei einskilde kommunane ei kolossalt ansvar der samarbeid over kommunegrenser er vesentleg.
– Difor stør eg også KS-leiar Olav Lunden sitt synspunkt om distriktsmedisinske senter i Lærdal i tilknyting til sjukehuset, men det er då også viktig å poengtera at folk ikkje må få ei oppfatning om at tilbodet i Sogn vert rasert, seier Høl.

• Les saka i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar