torsdag 12. november 2009

Ingrid Heggø: Eit godt helsetilbod og gode spesialisthelsetenester


LESARINNLEGG FRÅ STORINGSREPRESENTANT INGRID HEGGØ PÅ FIRDA.NO/ORIGO

Det er etter mitt syn langt frå repesentativt og opplysande det som har vore gjengjeve i avisa Firda av dei fire møta , der stortingsbenken og helsetenester har vore tema.

For det første har det aldri komme fram at det var stortingsbenken som inviterte to av aksjonsgruppsgruppene bla aksjonsgruppa for sentralsjukehuset, då vi ville møte alle tre, og ikkje berre få ei av aksjonsgruppe sitt syn.

For det andre har samtlige involverte uttrykt å ha respekt og forståing for kvarandre sine rollar på samtlige av møta.

For det tredje: Fleirtalet tek ombodsrolla alvorlig, og vil innhente informasjon og forvisse oss om at alle konsekvensane ved dei foreslegne omleggingane vert synleggjort og vurdert, herunder nedbygginga/omlegging av spesialisthelsetenestene og akuttfunksjonane. Dette og sett opp imot bestillinga frå ministeren. (I ettertid har ein registrert at ein av stortingsrepresentantene ikkje vil vera med på det bebuda møte, så møtet vert m/fire av fem.)

På sakskartet til møtet i Førde i går stod det ”den økonomiske situasjonen i Helse vest/Helse Førde”, då var det naturlig å tru at det var representantar frå begge foretaka tilstades. Når det ikkje var slik, ja då vert den formelle gangen å be om møte via Helse Vest. Og som eg sa til Firda i går, vi vil også melde møtet til Helse Førde. Dvs informere Helse Førde (i kva form er det ikkje konkludert med). Det er såleis heilt ukorekt av Firda å skapa eit inntrykk av at fleirtalet på stortingsbenken ikkje vil følgje opp ombodsrolla si, men har ombestemt seg.

For ytterlegare å forsterke eit negativt bilete står det vidare i Firda i dag, at Stortingsbenken framstod ”svært forsiktig og lyttande”. Og at spørsmåla kun var korte og om detaljer. Utan at eit einaste av spørsmåla vert referert. Det var ein sekvens der samtlige av benkemedlemmande (stortingsrepr) stilte fleire spørsmål, og vi vart også stoppa pga tidsskjemaet. Spørsmåla som vart stilt var m.a om konsekvensane for Helse Førde ved val av intern fordelingsmodell, manglande invisteringsmidlar i Helse Førde og konsekvensane av dette, vikarbruk og Helse Vest sitt ansvar vedr å få spesialistar til Helse Førde (eksempel geriatriker), kommunikasjon/informasjon mellom Helse Førde, dei tilsette, innbyggarane. Det vart og vist til tidlegare melding der geografiske og klimatiske forhold vart tungt vektlagt og spurt om desse forholda var vektlagt i sterkt nok grad no. Dette for å nemne nokre av spørsmåla, så får lesarane sjølve dømme om dette kun er uvesentlige detaljer.

Sogn og Fjordane stod samla for å få skeivdelinga til Helse Vest oppretta og fekk omlag 500 mill meir i Helse Vest potten. Står vi samla og framover kan vi igjen få gjennomslag og dermed gode resultat for innbyggarane og helsetilbodet i Sogn og Fjordane.

Avslutningsvis vil eg vil vise til eit svært viktig poeng frå møta med aksjonsgruppene som ikkje har komme fram i det heile ,det at både sp og eg sa klårt ifrå at vi ville utnytte til fulle det handlingsrommet som er i Soria Moria vedr å sjå på finansieringsmodellen på nytt. Det vart her vist til rønslene frå Scotland.

Ingrid Heggø
Stortingsrepresentant AP

• Les innlegget og den følgande debatten på Firda.no/Origo ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar