torsdag 12. november 2009

Om NRK og samarbeidsutspelet frå ordførar Sanden

























NRK Sogn og Fjordane har i dag hatt eit par saker på at ordførar Arne Sanden i Lærdal oppmoda til samarbeid om sjukehus i fylket.

• Fyrst tolka dei Arne Sandens oppmoding til samarbeid var eit uttrykk for at han hadde lagt seg på rygg i sjukehusstriden og ga saka tittelen "Pipa har fått ein annan lyd"
(Sanden) har mellom anna kome med kraftig kritikk av dei 12 ordførarkollegaene som nyleg signerte støtteerklæring til Sentralsjukehuset framfor lokalsjukehusa.
Men no har pipa fått ein heilt annan lyd.
– Dei store viktige tinga i dette fylket får vi til når vi samarbeider.

- Dei tinga kjem på plass som eit resultat av at vi samarbeider og samhandlar. Eg trur at det er løysinga for sjukehussektoren. Og difor vil eg mane mine gode kollegaer i Sunnfjord og Nordfjord til eit samarbeid om å finne løysingar. Vi må vere løysingsorientert.

• Så vart det ny sak utpå dagen med overskrifta "Kampen ikkje svekka": Lokalsjukehuskampen held fram, seier Bente Øien Hauge i Aksjon forsvar Lærdal sjukehus. Ho tvilar på at ein kan tolke utspelet til Arne Sanden til å bety at han no legg ned kampen.

Talsperson for sentralsjukehusforkjemparane, Arve Helle, tek imot den utstrekte handa frå Sanden. Men han går ikkje med på at det betyr slutten for mange tiårs sjukehusstrid.
Det viktigaste er at ein uansett standpunkt er i stand til å setje seg ned og sjå kvarandre inn i auga og diskutere. Gjer me det kan det komme litt av kvart ut at det, seier Fjaler-ordføraren.


• Og i ettermiddagssendinga sat NRKs distriktsredaktør Rolf Sanne-Gundersen saman med journalist Helge Johnsen frå Firda og drøfta denne saka med stort alvor. Dei gjorde eit poeng av at det var forskjell på innhaldet i NRK-saka og i intervjuet med ordføraren i Sogn Avis i dag, men var tilsynelatande ikkje merksam på at det kunne ha noko med NRK si spesielle vinkling å gjere … ?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar